Hopp til hovudinnhald

Stipend til studentar og tilsette

Les meir om stipend til studentar og tilsette som reiser på mobilitetsopphald.

Sist oppdatert : 1. november 2024

Stipend til studentar

Stipendet til studentane er eit tilskot til kostnadene mobilitetsopphaldet fører med seg, og vil som oftast ikkje dekkje alle dei reelle utgiftene.

Stipendet blir rekna ut etter faste satsar som blir kalkulert i "Beneficary Module". Stipendsatsane speglar om mottakarlandet er eit høykost- eller lågkostland. Ei oversikt over høg- og lågkostland, og dei ulike regionane, finn de på Europakommisjonen sine nettsider og i Erasmus+-programguiden (europa.eu).

Stipendsatsar og reisestøtte

Stipendavtale ("grant agreement")

Før mobilitetsperioden startar, skal senderinstitusjonen sørge for at studenten har ein stipendavtale («grant agreement») for studieopphaldet. Avtalen skal signerast av studenten og senderinstitusjonen.

Når studenten signerer avtalen, aksepterer studenten formelt størrelsen på stipendet og godtar pliktene som er knytt til avtalen. Avtalen skal ha originale signaturar. Det er viktig at senderinstitusjonen gjer studenten merksam på alle vilkåra i avtalen, slik at dei veit kva dei forpliktar seg til og konsekvensane ved eit eventuelt avtalebrot.

Avtalemalen som skal nyttast finn de i Erasmushandboka under "Avtaler og kontrakter". Avtalemalane blir oppdatert kvart år. Malen inneheld minimumskrav til kva som skal stå i ein stipendavtale og de kan difor ikkje ta bort delar av teksten. De kan føye til meir tekst om de ønskjer det.

Manglande stipendavtalar og/eller stipendavtalar utan signatur, er i strid med kontrakten som er inngått mellom institusjonen og HK-dir. Blir forholda oppdaga ved revisjon, kan HK-dir underkjenne mobilitetsopphaldet det gjeld og be om å få tilbake stipendmidlane.

Tilleggstipend for studentar frå underrepresenterte grupper innan studentmobilitet ("studentar med færre moglegheiter")

Studentar frå underrepresenterte grupper innan studentmobilitet" ("studentar med færre moglegheiter») har krav på tilleggsstipend. Tilleggsstipendet er eit tilskot for å sikre inkludering og mangfald i Erasmus+. Målsetjinga er at studentar frå underrepresenterte grupper innan studiemobilitet i større grad skal nytta seg av moglegheitene Erasmus+ opnar opp for.

Sjå "Stipendsatser og reisestipend" over, for informasjon om storleiken på tilleggsstipendet.

Kvar student kan berre få eit tilleggsstipend, sjølv i tilfelle der dei kjem inn under fleire av kategoriane som me har lista opp.

Sidan dette er eit stipend, er det ikkje naudsynt å hente inn dokumentasjon på ekstra utgifter.

Ver merksam på at dette tilleggsstipendet ikkje er det same som inkluderingsstønad. Informasjon om inkluderingsstøtte finn du lenger nede på denne sida.

Fleire studentar er inkluderte i kategorien "«studentar frå underrepresenterte grupper innan studentmobilitet" frå og med 2024-prosjektet. Oversikt over studentane som har krav på tilleggsstipend finn de i nedtrekkmenyen.

Tilleggsstipend for innreisande studentar på KA171

Sidan norske institusjonar kan samarbeide med nær sagt alle land i verda gjennom KA171, er det vanskeleg for HK-dir å lage kategoriar som er relevante for dei ulike kontekstane og situasjonane som studentane er i. For innreisande studentar på KA171 kan difor partnarskapa (norsk institusjon og institusjon i partnerlandet) sjølv definere kva slags kategoriar som er relevante for det aktuelle prosjektet. Dei ulike kategoriane må relatere seg til ein av dei åtte barrierane som Europakommisjonen definerte i si inkluderingsstrategi.

Stipend til tilsette

Erasmus+-stipendet er eit bidrag til dekning av faktiske reise- og opphaldsutgifter.

Stipend reknast ut etter faste satsar (dagsatsar og distansesatsar) som kalkulerast i «Beneficiary Module». Reisedagar er ikkje med i utrekning av minimumsopphaldet. Stipendet er eit tilskot til kostnadane mobilitetsopphaldet fører med seg, og vil ofte ikkje dekke dei reelle utgiftene.

Ei reise blir rekna som «grøn» når hovuddelen av reisa (målt i kilometer) blir gjennomført med transportmiddel som slepp ut lave mengder med klimagassar og anna forureining.

Stipendsatsar og reisestipend for tilsette

Stipendavtale («grant agreement»)

Før mobilitetsperioden startar skal det skrivast ein stipendavtale mellom den tilsette og sendarinstitusjonen. Når den tilsette signerer avtalen, aksepterer vedkommande formelt stipendets størrelse og godtar pliktene som er knytt til avtalen. Avtalen skal ha originale signaturar.

Avtalemalen som skal nyttast finn de i Erasmushandboka under "Avtaler og kontrakter". Avtalemalane blir oppdatert kvart år. Malen inneheld minimumskrav til kva som skal stå i ein stipendavtale og de kan difor ikkje ta bort delar av teksten. De kan føye til meir tekst om de ønskjer det.

Manglande stipendavtalar og/eller stipendavtalar utan signatur, er i strid med kontrakten som er inngått mellom institusjonen og HK-dir. Blir forholda oppdaga ved revisjon, kan HK-dir underkjenne mobilitetsopphaldet det gjeld og be om å få tilbake stipendmidlane.

Utbetaling av stipend

Utbetaling av stipend til studentar

Institusjonen utbetaler stipendet til studenten i to omgangar.

Først ein utbetaling før opphaldet startar. Institusjonen utbetalar 70 til 100 prosent av det totale stipendet som er berekna ut frå lengde (datoane) for det planlagde opphaldet. Institusjonen skriv sjølv inn prosentandelen for utbetalinga i stipendavtalen med studenten.

Når studenten kjem tilbake frå utvekslingsopphaldet, utbetalar institusjonen dei resterande stipendmidlane til studenten. Utrekning av stipendet er då nøyaktig basert på utvekslingsopphaldets faktiske lengde (dokumentert anten i læringsavtalen eller gjennom anna stadfesting på opphaldets lengde), og studenten får utbetalt den summen som står att.

Erasmus+-stipend og annan tilleggsfinansiering

Utreisande studentar som får Erasmus+-stipend vil framleis få studielån og stipend frå Lånekassen mens dei er på utveksling. Dersom ein student ikkje kvalifiserer for støtte frå Lånekassen, kan studenten likevel få Erasmus+-stipend.

Studentar kan ta imot annan finansiell stønad (stipend frå andre program, fond og legatar, anna lån, inntekt frå arbeid, o.l.) i tillegg til Erasmus+-stipendet og Lånekassestøtta. Unnataket er studentar som mottar Erasmus Mundus fellesgradstipend. Sendarinstitusjonen kan likevel velgje å ikkje utbetale Erasmus+-stipend til studentar som mottek andre stipend av stor størrelse. HK-dir er klar over at dette har blitt gjort for studentar som har tatt imot E.ON-stipendet, sidan dette stipendet har vore ganske høgt. Sendarinstitusjonen har sendt ut desse studentane som «zero grant»-studentar på Erasmus+-avtalene sine.

Dokumentasjon på utbetalingar til studentar

Alle utbetalingar kan møte revisjon frå HK-dir elle andre. I tilfelle revisjon vil sendarinstitusjonen bli bedd om å vise at stipendet er utbetalt frå institusjonen sin bankkonto og at det er studenten som har fått stipendet. Dersom dette ikkje kan dokumenterast, kan det føre til at stipendet må tilbakebetalasttil HK-dir.

Utbetaling av stipend til utreisande tilsette

Stipendet dekkjer som oftast ikkje alle dei faktiske utgiftene. Mange institusjonar vel difor å utbetale stipendet som ein del av utbetalinga for reiserekninga den tilsette leverer etter at mobilitetsopphaldet er ferdig. Det er likevel opp til kvar enkelt institusjon å finne fram til utbetalingsmåtar som passer inn med egne økonomi- og arkivrutinar.

I stipendavtalen kan institusjonen velje korleis utbetalinga av stipendet skal gå føre seg.

Tilbakebetaling av utbrukte stipend

Dersom den tilsette ikkje er i stand til å fullføre mobilitetsopphaldet etter reglane i læringsavtalen, skal sendarinstitusjonen kontakte HK-dir som deretter tar stilling til om den tilsette skal halda på stipendet eller om det skal betalast tilbake.

Utrekning av reisestipend ved eit eller fleire mobilitetsopphald med ulik start- og sluttstad

Dersom den tilsette reiser på eit mobilitetsopphald kor start- og sluttstad for reisa er ulik, må dette registrerast i «Beneficiary Module» med ein kommentar i feltet «Comments on diffent location/receiving organisations».

Scenario 1: Dersom den tilsette reiser på mobilitetsopphald til ulike land (til dømes Frankrike og Spania) utan å reise heim att, skal opphaldet registrerast som to separate opphald. Reisestipendet reknast ut slik:

  • Distansen frå heimstaden til opphaldsstad i det fyrste landet (Frankrike), og
  • Distansen mellom opphaldsstad i det fyrste landet (Frankrike) og opphaldsstad i det andre landet (Spania)

Scenario 2: Dersom den tilsette allereie er i utlandet og skal reise direkte vidare på eit Erasmus+-opphald, reknast avstanden ut frå den faktiske avreisestaden til vertsinstitusjonen.

Scenario 3: Dersom den tilsette skal delta på to ulike mobilitetsopphald i same land, er det avstanden mellom dei to stadane vedkommande skal vere som avgjer korleis opphalda skal bli handsama:

  1. Dersom avstanden er mindre enn 100 km, kan dei to opphalda registrerast som eit mobilitetsopphald
  2. Dersom avstanden er meir enn 100 km, skal dei to opphalda registrerast som to separate mobilitetsopphald. Reisestøtta for den andre mobiliteten reknast ut etter avstanden mellom den fyrste og den andre institusjonen. Kvart mobilitetsopphald må oppfylle minstekravet til varigheit.

Valutakurs ved utbetaling av stipend

Det blir ikkje tatt omsyn til valutatap-/gevinst i prosjektperioden. Mobilitetsstøtta vil derfor utgjere tilsvarande eurobeløp, mens kronebeløpet vil variere.

Stønad til ekstra dyre reiser ("exceptional costs for expensive travel")

Studentar og tilsette som i utgangspunktet er kvalifisert for reisestipend, kan få støtte til ekstra dyre reiser.

Stønad til ekstra dyre reiser gjeld i dei tilfella der standard reisestipend ikkje dekkjer minimum 70 prosent av dei reelle utgiftene. Støtta vil dekkje opp til 80 prosent av reisekostnadene.

Denne stønaden er ikkje mogleg innanfor KA171.

I KA131 er det ikkje mogleg å søkje om støtte til ekstra dyre reiser på søknadstidspunktet (når de søkjer om mobilitetsmidlar). De har likevel moglegheit til å bruke tildelte midlar på ekstra dyre reiser. Har de ikkje tilgjengelege midlar i ein budsjettkategori, kan de gjere budsjettoverføringar etter gjeldande reglar. De kan òg brukar OS-midlar til å dekkja ekstra dyre reiser.

Elles er det viktig å hugse på at deltakarane kan få inntil to dagar med stipend under reisa (inntil seks dagar ved grøne reiser), som skal dekkja kost og losji, jf. PG24 s. 67.

Slik går de fram
Ved registrering av deltakarar i BM, kryss av i boksen "Request exceptional costs for expensive travel". Skriv deretter inn den verkelege reisekostnaden i feltet "Real travel cost". "Exceptional costs for expesive travel support" blir berekna automatisk som 80 prosent av den reelle reisekostnaden. Ved "Request exceptional costs for expensive travel", må de òg fylla ut tilleggsfeltet "Exceptional costs for expensive travel decription and justification".

Det er svært viktig at de innhentar og tek vare på alle kvitteringar som gjeld reisa. Desse skal, saman med skjemaet nedanfor, blir lasta opp som vedlegg til sluttrapporten, for kontroll og godkjenning.

De kan lese meir om dyre reiser («exceptional costs for expensive travel») i kontrakten mellom institusjonen og HK-dir, kor det òg står meir om støttedokument og rapportering.

Inkluderingsstøtte

Alle utdanningsinstitusjonar som deltek i Erasmus+, forpliktar seg til å leggje til rette for personar med spesielle behov eller nedsett funksjonsevne.

Viss du har deltakarar som har behov for tilrettelegging som vil føre til ekstrautgifter under mobiliteten, kan du søkje oss om inkluderingsstønad.

Du kan søkje om inkluderingsstønad samstundes med søknad om prosjektmidlar, eller i etterkant når behovet melder seg. Utbetaling av støtta skjer som hovudregel på første tildeling, ved interim eller sluttrapport.

Du søkjer ved å sende ein e-post til erasmus@hkdir.no. Søknaden skal innehalde eit estimat (budsjett, helsa i euro) over planlagde kostnader og nokre ord om kva støtta skal brukast til. Me ønskjer ikkje tilsend legeerklæring eller liknande.

Du må innhenta dokumentasjon på behov, og sjekke at beløpa det blir søkt om støtte til ikkje blir dekt av NAV (typisk er dette tinget som NAV ikkje dekkjer i utlandet, som då kan bli dekket via inkluderingsstønad frå Erasmus+).

Du kan få inntil 100 prosent finansiering. Støtta kjem som eit ekstratilskot og baserer seg på reelle kostnader, så du må innhente dokumentasjon på alle utgifter (t.d. kvitteringar). Denne dokumentasjonen skal saman med skjemaet nedanfor, bli lasta opp som vedlegg til sluttrapporten, for kontroll og godkjenning.

For 2024-prosjektet vil institusjonen få 125 euro per deltakar som får inkluderingsstønad, for å støtta organiseringa av mobilitetsopphaldet til deltakarane. For 2022- og 2023-prosjektet er satsen 100 euro per deltakar

Zero grant

I Erasmus+ er det mogleg å sende studentar og tilsette på mobilitetsopphald utan at dei mottar Erasmus+-stipend for heile eller deler av opphaldet. Dette kallast «zero grant»-mobilitetsopphald.

Det kan vere fleire ulike grunner til å ta i bruk "zero grant". Til dømes kan det vere aktuelt viss institusjonen skal sende ut deltakarar som tidlegare har mottatt Erasmus+-stipend for allereie gjennomførte mobilitetsopphand, dersom deltakaren ønskjer å utvide mobilitetsopphaldet, eller dersom institusjonen ikkje har tilstrekkelig med stipendmidler til å gje støtte til heile mobilitetsopphaldet.

Sjølv om deltakarane ikkje mottar stipend, må dei innfri alle krav som stillast for å delta i mobilitetsaktiviteter i Erasmus+, og dei skal ha tilgang på alle andre fordelar og godar som blir tilbydd gjennom Erasmus+-programmet.

"Zero grant»-mobilitetsopphald blir telt med mot maksimumslengda dei ulike mobilitetsopphalda kan ha. Lengda på opphaldet blir rekna ut frå aktivitetsperioden i utlandet. Dei ekstra dagane med støtte til reisa (reisedøgn) tel difor ikkje med når de skal rekne ut lengda på opphaldet.

Delvis "zero grant"-stipend gjeld den individuelle støtta, ikkje reisestøtta. Det betyr at ved delvis "zero grant", skal reisestøtta utbetalast.

Viss de har ein deltakar som skal ha stipend, men ikkje for heile mobilitetsperioden, skriv de inn kor mange dagar deltakar ikkje skal ha stipend i "Non-funded duration (days)" i BM.

Ta gjerne kontakt med HK-dir dersom det oppstår situasjonar kor det kan vere behov for å ta i bruk «zero grant»-alternativet.