Hopp til hovudinnhald

Skattereglane for Erasmus+-stipend

Me får ofte spørsmål om skatt i samband med Erasmus+-stipend. Me har derfor spurt Skatteetaten om dette. Skatteetatens svar i sin heilskap finn dykk her.

Sist oppdatert : 8. mai 2025

Kort samandrag

Erasmus+-stipendet i utgangspunktet skattefritt i Noreg når det blir nytta til å dekkje nødvendige utdannings- og forskingskostnader som reise, opphald og materiell. Dersom stipendet overstig dokumenterte utgifter, vil overskytande beløp vere skattepliktig og må rapporterast i skattemeldinga. Inkluderingsstøtte som dekkjer spesifikke utgifter kan også vere skattefri, men dersom det blir utbetalt eit beløp som overstig dei dokumenterte utgiftene, vil det overskytande vere skattepliktig.

Generell oversikt over skattereglane for Erasmus+-stipend

Skatteetatens svar i sin heilskap finn dykk nedanfor. Me vil innleiingsvis gjere dykk merksam på at informasjonen er rettleiande. Den representerer berre Skatteetatens syn basert på informasjonen me har gitt. Konklusjonen er dermed ikkje bindande for institusjonane, Skatteetaten eller HK-dir.

Har de ytterlegare spørsmål eller behov for avklaringar, kan de ta direkte kontakt med Skatteetaten.

Skatteplikt for utdanningsstipend
Utdanningsstipend utanfor arbeidsforhold, som til dømes stipend frå legat eller fond, er ikkje skattepliktig når det blir utbetalt for å gå på skular, høgskular og universitet fram til avsluttande eksamen. Arbeidet som blir utført ved å gjennomføre studia, gir ikkje stipendet karakter av å vere i eit arbeidsforhold. Skattefridommen gjeld også lommepengar, fritt kost og losji på skulen.

Skattepliktige stipend
Dersom stipendet har karakter av å vere lønn under utdanninga eller trer i staden for arbeidsinntekt, er det skattepliktig.

Vurderinga av om stipendet er å rekne som lønn blir mellom anna gjord ut frå om stipendet er stort nok til å dekkje mottakars vanlege levekostnader.

Skatteplikt kan også gjelde dersom stipendet er knytt til eit spesifikt resultat, som til dømes ei masteravhandling der stipendet blir gitt for å utarbeida eit verk som er nyttig for den som yter stipendet.

Erasmus+ stipend
Erasmus+ stipend er generelt ikkje skattepliktig i Noreg. Stipendet blir rekna som utdannings- eller forskingsstøtte, og så lenge det ikkje overstig nødvendige kostnader for studiet eller forskinga, er det skattefritt.

Rapportering i skattemeldinga
Dersom Erasmus+ stipendet ikkje er skattepliktig, treng du normalt ikkje føre det i skattemeldinga.

Viss stipendet overstig forventa utdanningskostnader, kan det overskytande beløpet vere skattepliktig, og då må det rapporterast. Det er derfor viktig å halde dokumentasjon av relevante utgifter og stipendbeløp, i tilfelle Skatteetaten skulle be om detaljar.

Frådragsgodkjende kostnader
Dersom stipendet ikkje er skattepliktig, vil det heller ikkje gi rett til frådrag.

Du kan likevel ha rett på frådrag for utgifter som ikkje blir stipendet dekt av, som til dømes skulepengar, reiseutgifter og opphaldskostnader.

Internasjonale reglar og skatteavtalar
Skattereglene kan variere avhengig av avtalen mellom Noreg og det aktuelle landet. Det er derfor viktig å sjekka skatteavtalen og reglane for det spesifikke landet.

Andre stipend kan påverke skatteplikta dersom dei saman med Erasmus+ stipendet utgjer ei inntekt som overskrid skattefrie beløp.

Skattepliktige stipend og innrapportering
Dersom stipend er skattepliktig, skal det rapporterast inn som inntekt. Dette gjeld også stipend motteke frå utlandet. Studiemobilitetsstipend kan vere trekkfrie dersom dei dekkjer direkte utgifter til studium eller forsking. Dokumentasjon kan vere nødvendig for å bevisa at stipendet ikkje utgjer inntekt.

Inkluderingsstøtte som dekkjer spesifikke utgifter kan òg vere trekkfri, men dersom utbetalinga overstig dei dokumenterte utgiftene, kan det medføre skatteplikt.

Kjeldeskatt
Dersom delar av stipend blir skattepliktige, kan det veljast å betale kjeldeskatt på 25 prosent, eller å melde seg ut av kjeldeskattordninga og få ein skatteprosent basert på skattepliktig inntekt og talet på dagar i Noreg. Den skattefrie dagsatsen for kost er 400 kr for skatteåret 2025.