Hopp til hovudinnhald

Webinar: Kven er den internasjonale studenten?

Her får du vita meir om kvifor dei internasjonale studentane har vald Noreg, korleis dei opplever studiane og kva planar dei har for framtid og karriere.

Tidspunkt: 24. oktober 2025 kl. 13.00- 24. oktober 2025 kl. 13.45
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

I dette webinaretpresenterer me funn frå undersøkinga “International students in Norway 2025” som analyseinstituttet Ideas2Evidence har gjennomført på vegne av HK-dir.

Sist denne typen undersøking vart gjennomført blant internasjonale studentar i Noreg var i 2019. Sidan den gong har verda endra seg mykje. Me har bak oss ein pandemi, men er også i ei tid der meir internasjonal uro og auka fokus på tryggleik pregar utviklinga av studentmobiliteten. Ikkje minst har studieavgifter for studentar frå land utanfor EU/EØS og Sveits, innført i Noreg hausten 2023, endra landskapet.

Formålet med årets undersøking var å utvikle kunnskapsgrunnlaget om dei internasjonale studentane i Noreg i lys av desse endringane. Seniorutgreiar Hanna Jones frå Ideas2Evidence presenterer dei mest sentrale funna, medan seniorrådgjevar Herdis Kolle frå HK-dir set funna inn i ein større samanheng.

Målgruppa for seminaret er tilsette ved norske høgare utdanningsinstitusjonar, men tematikken er også interessant for deg som jobbar i skjeringspunktet mellom arbeidsliv og utdanning, samt i studentorganisasjonar, med arbeidsinnvandrarar og med studentar generelt.

Påmeldingsfrist

24. oktober 2025 kl. 13.00
(CET)