Internasjonale studentar i Noreg 2025
Rapport • Tilhøyrer rapportserie: NeiRapporten presenterer resultat frå den sjuande nasjonale spørjeundersøkinga blant internasjonale studentar i Noreg. Undersøkinga gir oppdatert innsikt i kvifor dei internasjonale studentane har vald å studere i Noreg, korleis dei opplever studiane og opphaldet og kva planar dei har for framtida. Ideas2evidence gjennomførte undersøkinga på vegne av HK-dir i vårsemesteret 2025.

Samandrag
Undersøkinga blant internasjonale studentar i Noreg 2025 er den første på seks år. Sidan 2019 har verda endra seg mykje, med ein tilbakelagt pandemi, meir internasjonal uro, auka fokus på tryggleik og ansvarleg internasjonalt samarbeid, samt innføring av studieavgift ved norske høgare utdanningsinstitusjonar for studentar frå land utanfor EU/EØS og Sveits.
Formålet med årets undersøking var å utvikle kunnskapsgrunnlaget om dei internasjonale studentane i Noreg i lys av desse endringane.
Rapporten er skriven på engelsk.
Hovudfunn
Kvifor Noreg?
Majoriteten av respondentane, både blant gradsstudentar og utvekslingsstudentar, hadde Noreg som førsteval då dei skulle bestemme seg for studiedestinasjon i utlandet.
For begge grupper var kvalitet i utdanninga og eit fredeleg og trygt samfunn svært viktig. For utvekslingsstudentane var utvekslingsavtale med heimeinstitusjonen viktig for val av universitet eller høgskole i Noreg, medan for gradsstudentane var spesifikke studietilbod ved den norske institusjonen særleg avgjerande.
Studietilbod på engelsk og lokaliseringa av institusjonen var også viktig for begge studentgrupper.
Akademisk og sosialt liv
Dei internasjonale studentane i Noreg er ambisiøse, og de fleste ønskjer å oppnå resultat over gjennomsnittet. Dei jobbar like mykje som norske studentar med organiserte studieaktivitetar, og noko meir med eigenstudiar.
Både gradsstudentar og utvekslingsstudentar synest å vere svært nøgde med studieopphaldet i Noreg og eige læringsutbytte.
Dei internasjonale studentane har mykje kontakt med nordmenn i studiekvardagen, men på fritida brukar dei mest tid saman med andre internasjonale studentar. Mange gir uttrykk for at dei ønskjer meir kontakt med nordmenn, og ganske mange av det internasjonale studentane oppgir at dei har kjent seg einsame i løpet av studieopphaldet i Noreg. Likevel, en stor majoritet ville ha anbefalt studiar i Noreg til andre studentar.
Praktiske utfordringar for nokre studentar
Dei fleste respondentane opplever relativt få praktiske problem knytt til opphaldet i Noreg, men internasjonale studentar frå land utanfor EU/EØS/Sveits opplever ein del utfordringar knytt til visumsøknadsprosessen, som finansiering og dokumentasjon på at dei har nok midlar til å få og fornye studieløyve, og å overbevise norske styresmakter om at dei vil returnere til heimlandet etter avslutta utdanning. Å få ID-papir og å opne bankkonto i Noreg vert også opplevd som utfordrande for mange av dei internasjonale studentane.
Studentar frå landa prioritert i Panoramastrategien opplever til dels større utfordringar enn studentar frå andre land, medan dei europeiske studentane har få slike problem.
Finansiering
Eigne eller familiens midlar er viktige finansieringskjelder for både grads- og utvekslingsstudentar frå utlandet. Mange av utvekslingsstudentane har stipend frå Erasmus+ eller andre ordningar, medan ein stor del av gradsstudentane har deltidsarbeid.
Om lag halvparten av respondentane oppgir at dei jobbar ved sidan av studiane, og i gjennomsnitt brukar dei internasjonale studentane mykje meir tid på deltidsarbeid enn norske studentar.
Studentar som betalar studieavgift er meir avhengige av både eigne eller familiens midlar og deltidsarbeid enn andre internasjonale studentar.
Framtidsplanar
Ein stor del av dei internasjonale studentane vurderer å bli i Noreg etter fullførte studiar. Dette gjeld tre av fire gradsstudentar og nesten halvparten av utvekslingsstudentane. Hovudårsaka til at dei ønskjer å bli, er at dei vil finne arbeid i Noreg.
Summary
International Students in Norway 2025 is the first survey of its kind in six years. Since 2019, the world has changed significantly, with a global pandemic behind us, increased international unrest, more focus on security and responsibility in international cooperation, and the introduction of tuition fees at Norwegian higher education institutions for students from countries outside the EU/EEA and Switzerland.
The aim of this year’s survey was to develop a stronger knowledge base about international students in Norway in light of these changes.
Key findings
Why Norway?
The majority of respondents, both degree-seeking and exchange students, had Norway as their first choice when deciding on a study destination abroad.
For both groups, the quality of education and a peaceful and safe society were very important factors. For exchange students, an exchange agreement with their home institution was key in choosing a university or university college in Norway, while for degree students, specific study programmes offered by the Norwegian institution were particularly decisive.
English-taught programmes and the institution’s location were also important for both groups.
Academic and social life
International students in Norway are ambitious, with most aiming to achieve above-average results. They spend as much time as Norwegian students on organised study activities, and somewhat more on independent study.
Both degree and exchange students appear to be very satisfied with their study experience in Norway and their own learning outcomes.
International students have frequent contact with Norwegians in their academic life, but in their free time, they mostly spend time with other international students. Many express a desire for more contact with Norwegians, and quite a few have felt lonely during their stay in Norway. Nevertheless, a large majority would recommend studying in Norway to other students.
Practical challenges for some students
Most respondents experience relatively few practical problems during their stay in Norway. However, international students from outside the EU/EEA/Switzerland face several challenges related to the visa application process, such as proving sufficient financial means to obtain and renew a study permit, and convincing Norwegian authorities that they intend to return to their home country after completing their studies. Obtaining ID documents and opening a bank account in Norway are also perceived as challenging by many international students.
Students from countries prioritised in the Panorama Strategy tend to face greater challenges than those from other countries, while European students report few such issues.
Financing
Personal or family funds are important sources of financing for both degree and exchange students from abroad. Many exchange students receive grants from Erasmus+ or other schemes, while a large proportion of degree students have part-time jobs.
Around half of the respondents report working alongside their studies, and on average, international students spend significantly more time on part-time work than Norwegian students.
Students who pay tuition fees are more dependent on both personal or family funds and part-time work than other international students.
Future plans
A large proportion of international students are considering staying in Norway after completing their studies. This applies to three out of four degree students and nearly half of the exchange students. The main reason they wish to stay is to find employment in Norway.