Spør ei ven om EØS-midlane!
Lurer du på korleis EØS-midlane fungerer, kven som kan delta, eller korleis de kan kome i gang med eit prosjekt? Då er du velkomen til ein uformell digital kaffiprat med HK-dir.
Om arrangementet
I perioden 2026–2028 kjem det minst 11 utlysingar til utdanningssamarbeid gjennom EØS-midlane. Norske utdanningsinstitusjonar og andre relevante aktørar kan delta som partnarar i prosjekta.
Spør ein ven om EØS-midlane passar både for deg som er heilt ny, og for deg som har noko erfaring og vurderer nye prosjektsamarbeid. Vi legg opp til korte innlegg, praktiske døme og god tid til spørsmål. Ingen spørsmål er for små – anten du lurer på kva EØS-midlane eigentleg er, korleis de finn partnarar, eller korleis de kan søkje om midlar.
Kva får du vite?
- kva EØS-midlane er, og kva målet med ordninga er
- aktuelle program og moglegheiter for norske utdanningsaktørar i ny programperiode
- kommande utlysingar og planlagde aktivitetar
- korleis norske aktørar kan finne partnarar og delta i EØS-prosjekt
- tips og råd for å få best mogleg utbytte av EØS-midlane
Kven kan delta?
Møtet er ope for aktørar som kan vere aktuelle som prosjektpartnarar i utdanningsprosjekt gjennom EØS-midlane, mellom anna:
- universitet og høgskular
- fagskular
- ·vidaregåande skular, både studiespesialisering og yrkesfag
- grunnskular og barnehagar
- kommunar og fylkeskommunar
- frivillige organisasjonar som arbeider innanfor utdanningssektoren
Påmelding er ikkje nødvendig - logg på denne lenka for å delta i møtet.
Ta med kaffikoppen og bli betre kjend med moglegheitene EØS-midlane gir for norske partnarar.
Velkomen til «Spør ein ven om EØS-midlane»!