EØS-midlane
Program/tilskotsordning • Tal på tilskot: 0EØS-midlane skal bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, samt styrke samarbeidet mellom Norge og 15 land i Europa innan ei rekke samfunnsområde, mellom anna utdanning. Avtale om ny programperiode er no godkjent.
Kva er EØS-midlane
EØS-midlane 2021-2028
Det er semje mellom EU og dei tre EØS/EFTA-landa, Noreg, Island, Liechtenstein om ein ny programperiode av EØS-midlane. Den totale ramma er på 3.2 milliardar og skal sikre utvikling i, og styrke samarbeid med, dei minst velståande medlemslanda i EU på ei rekke områder, deriblant utdanning.
Neste steg er bilaterale forhandlingar med kvart enkelt av landa ordninga omfattar om satsingar og prioriteringar for bruk av midlane. Det er difor for tidleg å sei kva land, og kor mange, som vil ha utdanningsprogram i kommande periode.
EØS-midlane 2014-2021
I denne perioden er det ni, av totalt 15 europeiske samarbeidsland i Europa utdanning som ei av sine prioriteringar for EØS-midlane - dette omfattar Estland, Kroatia, Latvia, Polen, Portugal, Romania, Slovenia, Slovakia og Tsjekkia.
Denne programperioden er avslutta 30.04.2024. Sjå nederst for informasjon om norsk deltaking og programresultat under kvart enkelt land.
Meir om EØS-midlane
På utdanningsområdet inngår norske utdanningsinstitusjonar i over 600 prosjektsamarbeid med partnarar frå Estland, Kroatia, Latvia, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia og Tsjekkia.
EØS-midlane er ein del av EØS-avtalen og er eit økonomisk bidrag som Noreg, Island, og Liechtenstein betalar til EU. Dette bidraget skal finansiere tiltak som kan utlikne sosiale og økonomiske forskjellar i Europa, og i tillegg styrke samarbeidet mellom dei tre EØS-landa og eit utval land i EU.
I forkant av kvar programperiode vert det forhandla med EU om storleiken på bidraget og kva samfunnsområde som skal motta støtte. For inneverande periode som går frå 2014-2021 (prosjektimplementering fram til 30. april 2024) er dette totalt 2.8 milliardar euro. Bidraget består av to ordningar, den eine finansiert av Noreg åleine (Norway Grants) og den andre finansiert av Noreg, Island og Liechtenstein i fellesskap (EEA Grants). Fordelinga er berekna ut frå dei tre landa sin BNP, og Noreg står for ca. 97 % av midlane.
Midlane vert brukt til å finansiere prosjekt innanfor sektorar som innovasjon, forsking og utdanning, sosial inkludering, kamp mot fattigdom og sysselsetjing av ungdom, miljø, energi, klima og lav-karbonsamfunnet, kultur, sivilt samfunn, godt styresett og grunnleggande rettigheiter, samt justis- og innanrikssaker i 15 land i Europa. Dette omfattar Bulgaria, Estland, Hellas, Kypros, Kroatia, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn.
Kven står bak
I Noreg er det Utanriksdepartementet (UD) som løyver midlane og er «programeigar» for EØS-midlane. Eit felles sekretariat, Financial Mechanism Office (FMO), lokalisert i Brussel, er underlagt UD og har ansvaret for teknisk gjennomføring og drift av ordninga.
Ein programoperatør innanfor kvar sektor i kvart av dei europeiske samarbeidslanda har ansvaret for å forvalte midlane, program og utlysingar, og tildele midlane. For utdanningsprogramma er dette ofte nasjonalkontoret for Erasmus+.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har rolla som programpartnar i alle program som omfattar utdanningssamarbeid. Vi gir råd og samarbeidar med programoperatørane om utvikling av program og utlysingar. Vi er i tillegg nasjonalt kontaktpunkt for norsk utdanningssektor, og har eit ansvar for å synleggjere moglegheitene som fins i EØS-midlane overfor norsk utdanningssektor.
Formål
EØS-midlane har som mål å utjamne sosiale og økonomiske forskjellar i Europa, og skal i tillegg styrke samarbeidet mellom dei tre EØS-landa og eit utval land i EU på ulike samfunnsområde.
Innan utdanning så har landa som er omfatta av ordninga ulik fokus og innretning for sine program, men dei skal alle bidra til å styrke det enkelte land sin befolkning sine kunnskapar og ferdigheiter. Dette skal først og fremst skje gjennom samarbeid mellom norske utdanningsinstitusjonar og tilsvarande partnarar i dei europeiske landa.
Kven kan søke tilskot frå programmet
Det er ingen fleire opne utlysingar i inneverande periode.
Forhandlingar om ny programperiode pågår, men det er enno uklart når nye utlysingar kan komme og eventuell innretning på desse.
Programresultat i EØS-midlane 2014-2021(24)
I Estland er utdanningssamarbeid ein del av eit større baltisk forskingsprogram og ansvaret forforvalting av midlane til utdanning er lagt til det estiske forskingsrådet.
Dei estiske utdanningsutlysingane har hatt særskilt fokus på institusjonelt samarbeid og mobilitet i høgre utdanning.
Det er ingen fleire utdanningsutlysingar frå Estland i inneverande periode.
I Kroatia inngår ei satsing på å heve lærarar og elevar i grunnskulen sin kompetanse i STEM-fag i eit program for lokalutvikling og kamp mot fattigdom.
Ei viktig målsetting har vore å etablere ulike vitensentre i landet, og spesielt i underutvikla regionar. Det er The Ministry for Regional Development and EU-funds som forvaltar midlane til dette programmet.
Det er ingen fleire utdanningsutlysingar frå Kroatia i inneverande periode.
I Latvia er utdanningssamarbeid ein del av eit større baltisk forskingsprogram. Det er det latviske kunnskapsdepartementet som forvaltar midlane til utdanningskomponenten.
Som i Estland har dei latviske utdanningsutlysingane hatt særskilt fokus på institusjonelt samarbeid og mobilitet i høgre utdanning.
Det er ingen fleire utdanningsutlysingar frå Latvia i inneverande periode.
Polen har det største utdanningsprogrammet i denne programperiode. Programmet vert forvalta av Foundation for the Development of the Education System, som og er nasjonalkontor for Erasmus+ i Polen: Program Edukacja (MF EOG 2014-2021) – Program realizowany w ramachMechanizmuFinansowegoEuropejskiegoObszaruGospodarczegona lata 2014-2021 (education.org.pl).
Det polske programmet har omfatta både institusjonelt samarbeid og mobilitet på alle utdanningsnivå.
Det er ingen fleire utdanningsutlysingar frå Polen i inneverande periode.
I Portugal inngår utdanning som ein del av eit innovasjonsprogram. Det er Directorate-General for Maritime Policy som forvaltar programmet.
Det portugisiske programmet har fokus på blå vekst og utdanningskomponenten har som mål å styrke dei marine og maritime utdanningane og sikre tilstrekkeleg kompetent arbeidskraft til denne sektoren.
Det er ingen fleire utdanningsutlysingar frå Portugal i inneverande periode.
Romania sitt utdanningsprogram har hatt fokus på erfarings- og kunnskapsoverføring gjennom mobilitet og institusjonelt samarbeid innan alle utdanningsnivå. Programmet vert forvalta av The National Agency for Community Programmes in the Field of Education and Vocational Training, som og er nasjonalkontor for Erasmus+ i Romania.
Det er ingen fleire utdanningsutlysingar frå Romania i inneverande periode.
I Slovakia inngår utdanning som ein del av eit innovasjonsprogram med fokus på grøn industri og velferdsteknologi og la til rette for samarbeid og mobilitet på høgre utdanning, samt fag- og yrkesopplæring. Det er det slovakiske forskingsrådet som forvaltar programmet.
Det er ingen fleire utdanningsutlysingar frå Slovakia i inneverande periode.
I Slovenia er utdanningprogrammet forvalta av Government office for Development and European Cohesion Policy.
Det er ingen fleire utdanningsutlysingar frå Slovenia i inneverande periode.
Det tsjekkiske utdanningsprogrammet har omfatta utlysingar om mobilitet og institusjonelt samarbeid på alle utdanningsnivå, frå barnehage til høgre utdanning.
Programmet har fremma kvalitet i utdanning og spesielt hatt fokus på inkluderande utdanning, aktivt medborgarskap og integrering av miljø og bærekraft i undervisning og har mellom anna oppnått følgjande resultat:
- det er utvikla over 90 undervisningsmetodar, skuleplanar, nye kurs, sommarskular og studieprogram
- det er implementert nye metodar for å undervise i demokrati og aktivt medborgarskap i over 70 skular
- det er implementert nye tilnærmingar til inkluderande undervisning i meir enn 30 skular
- det er styrka kompetansen hjå lærarar innan inkluderande utdanning, noko som har komme over 15.000 elevar til gode
- over 200 elevar har fullført nye kurs i entreprenørskap
- Over 420 vidaregåande elevar, 310 lærarar og 140 studentar har gjennomført utveksling
Det er ingen fleire utdanningsutlysingar frå Tsjekkia i inneverande periode.
Programmet er forvalta av Czech National Agency for International Education and Research (DZS), som og er nasjonalkontor for Erasmus+ i Tsjekkia. HK-dir er norsk programpartnar og kontaktpunkt.
Les meir om kva som er oppnådd i programmet her: