Hopp til hovudinnhald

Søkarseminar i Kompetansepluss 2025

HK-dir inviterer til søkarseminar om Kompetansepluss arbeid og frivilligheit torsdag 30. oktober 2025, kl. 09.00–12.00.

Tidspunkt: 30. oktober 2025 kl. 09.00- 30. oktober 2025 kl. 12.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Søkarseminaret er for alle som er interesserte i å søke om tilskot i Kompetansepluss.

Du kan søke midlar til opplæring i grunnleggande ferdigheiter, norsk og/eller samisk gjennom Kompetansepluss arbeid og Kompetansepluss frivilligheit.

Du er i målgruppa for søkarseminaret om du er ein opplæringstilbydar, ei verksemd med tilsette som treng slik opplæring eller ein frivillig organisasjon som er interessert i å organisere Kompetansepluss-kurs

I Kompetansepluss arbeid kan opplæringstilbydarar, næringslivsorganisasjonar og opplæringsmottakarar (verksemder med tilsette som har eit kompetansebehov) stå som søkjar.

I Kompetansepluss frivilligheit må søkar vere ein frivillig organisasjon (registrert i Frivillighetsregisteret).

Søkarseminaret er digitalt og har fokus på utlysinga for 2026 og kriteriuma for utlysinga.

Søkarseminaret er gratis, men du må melde deg på for å kunne delta. Vi brukar Zoom som plattform. Vi sender lenka til det digitale søkarseminaret til alle påmelde før seminaret.

Program kl. 09.00–12.00. Det blir lagt inn pausar undervegs, om lag kl. 10.00 og kl. 11.00.

  • Tilskotsordninga Kompetansepluss
  • Utlysing og kriterium for 2026
  • Læringsressursar

Påmeldingsfrist

29. oktober 2025 kl. 17.00
(CET)