Korleis rekruttera internasjonale heilgradstudentar?
Dette seminaret er for deg som jobbar med internasjonal markedsføring og rekruttering av internasjonale heilgradsstudentar. Her vil du både få fagleg input og høve til å dela og lytta til erfaringar frå andre.
Målet med seminaret er å gi innsikt i korleis ulike universitet og høgskular arbeider med omdømebygging og rekruttering av heilgradsstudentar. Her får du høve til å diskutere utfordringar og løysingar med andre som arbeider med internasjonal rekruttering.
Du får høyre om korleis det belgiske universitetet KU Leuven arbeider med internasjonal rekruttering, lære meir om NTNUs strategi for studentrekruttering og få innblikk i HK-dir sitt arbeid med den nye merkevarestrategien for Study in Norway. Du får også høve til å diskutere korleis institusjonane kan bruke strategien i sitt eige arbeid med rekruttering av internasjonale studentar.
Du får størst utbyte av å delta fysisk på seminaret, men den første delen av programmet blir strøyma. Dersom du berre deltek digitalt, går du glipp av både viktig informasjon og moglegheita til å diskutere med andre deltakarar. Dei som melder seg på som digitale deltakarar, får tilsendt ei strøymelenkje etter at påmeldingsfristen er gått ut.
Bakgrunn:
Samlinga er ein møteplass for dei som arbeider med internasjonal rekruttering ved norske universitet og høgskular. Ho er ein del av HK-dir sitt arbeid med å profilere Noreg som eit attraktivt land for studium og samarbeid.
Du kan lese meir om korleis vi arbeider med profilering, få inspirasjon til rekrutteringsarbeidet, og finne kunnskap og verktøy på nettsidene våre om profilering av Noreg som studie- og samarbeidsland.
Praktisk info:
Seminaret går føre seg i bygget Bikuben (auditorium Gullvepsen) på NMBU sin campus på Ås.
Det er fleire måtar å kome seg til NMBU på:
- Frå Oslo S kan du ta tog til Ås stasjon (ca. 17 minutt). Derfrå kan du enten ta buss vidare til campus (ca. 10 minutt) eller gå (ca. 30 minutt).
- Frå Gardermoen kan du ta flybussen til Korsegården. Derfrå er det om lag 18 minutt å gå til Bikuben.
- Frå Ski, der næraste hotell ligg, tek bussreisa til NMBU/Bikuben om lag 22 minutt.
Hugs å melde deg på innan 15. oktober! Jo tidlegare vi får vite kven som kjem, desto betre kan vi planleggje gruppediskusjonane.
Dersom du opplever problem med påmeldinga, kan du kontakte oss på studyinnorway@hkdir.no.

Påmeldingsfrist
15. oktober 2026 kl. 23.59 (CET)