Hopp til hovudinnhald

Invitasjon til forlaga: Innspelsmøte om lærebokordninga for høgare utdanning

I 2026 vil det komme nokre forvaltingsmessige endringar i lærebokordninga for høgare utdanning, og vi opnar opp for innspel frå forlaga som gir ut fagbøker på norsk og samisk for universitet og høgskular.

Tidspunkt: 29. januar 2026 kl. 09.00- 30. januar 2026 kl. 15.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Vi inviterer forlaga til samtalar om lærebokordninga for høgare utdanning, som HK-dir forvaltar på vegner av Kunnskapsdepartementet, for å gi innspel på korleis ordninga fungerer. Vi legg opp til å ha samtalar med kvart forlag for seg.

  • Samtalane blir gjennomførte digitalt og varer opptil 30 minutt per forlag.
  • For påmelding sender forlaga ein e-post til laerebokordningen@hkdir.no. De kan melde inn ønskeleg tidspunkt kvar heile og kvar halve time 29. og 30. januar, men HK-dir tar atterhald om retten til å fastsette møtetidspunkt ein av dei oppsette datoane dersom det er nødvendig. Dersom forlaget ikkje har høve til å delta dei oppsette datoane, er fredag 6. februar eit alternativ.
  • Alle som har meldt si interesse, vil på førehand få informasjon om kva tema vi ønsker innspel på. Forlaga får òg høve til å ta opp tema dei sjølve er opptatt av.

I tråd med Regjeringa sin handlingsplan for norsk fagspråk i akademia – Frå ord til handling – har HK-dir fått i oppdrag å følge opp tiltak 13:

Vidareutvikle lærebokordninga i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) for å stimulere til meir skriving og bruk av læremiddel på norsk, og vurdere styrking av ordninga når det er behov for det

Lærebokordningen for høyere utdanning

E-post:laerebokordningen@hkdir.no