Fagskolekonferansen 2026
Konferansen er ein nasjonal møtestad for sektoren. I 2026 legg vi turen til Innlandet, nærare bestemt Scandic Hamar.
No er programmet klart, ta ein titt og meld deg på. Fram mot konferansen oppdaterar vi informasjon om sesjonar og innleiarar fortløpande.
Påmelding
Påmeldingsfrist er 2.oktober.
Avmeldingsfristen er 09.oktober 2026. Vi gjer merksam på at ved avmelding etter avmeldingsfristen, eller dersom du ikkje møter til konferansen, vil du bli fakturert for heile konferanseavgiften.
Digitale deltakarar kan melde seg på lenka under for å få påminnelse om konferansen. Lenke til sendinga blir sendt til påmelde deltakarar før konferansen og publisert på nettsidene.
Påmeldinga for fysiske deltakarar finn de nedst på sida.
Konferanseavgift
Deltakaravgift for fysiske deltakarar er kr 1 349 eks. mva. Ved fakturering utgjer dette totalt kr 1 600 inkl. mva.
Konferansemiddagen er det valfritt å delta på. Middagen kostar kr 800 inkl. mva. og blir fakturert saman med deltakaravgifta.
Digital deltaking er kostnadsfri, og passar for deg som ønskjer å følgje konferansen frå eigen skjerm.
Overnatting
Deltakarane må sjølve bestille og betale hotellrom utanom påmeldinga.
Bestilling av hotellrom
Vi har reservert rom ved Scandic Hamar. For å nytte romblokka må de bestille innan 25. september 2026.
- Bestill direkte via hotellnettstaden: Scandic Hotels
- Oppgje bookingkode: BFAG021126
Etter 25. september vert ikkje romma haldne av for konferansen, og eventuelle ledige rom vert sleppte til ordinært sal.
For reisebyrå eller bestilling via e-post
Dersom de bestiller gjennom reisebyrå, eller har behov knytt til fakturering, kan de sende e-post til hotellet:
- E-post: meeting@scandichotels.com
- Merk førespurnaden med: BFAG021126 – Scandic Hamar
For andre førespurnader
Har du spørsmål, kontakt oss på fagskolekonferansen@hkdir.no

Påmeldingsfrist
2. oktober 2026 kl. 23.59 (CET)