Hopp til hovudinnhald

Utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning

Prisen skal påskjøne framifrå arbeid med utdanningskvalitet i norsk høgare yrkesfagleg utdanning, og stimulere institusjonane til systematisk arbeid med å vidareutvikle kvaliteten på utdanningane sine.

Kven kan søke

Fagskulen, ved institusjonen sitt styre, kan nominere tiltak ved eigen institusjon. Kvar institusjon kan maksimalt nominere to tiltak. Nominasjonane kan ikkje rangerast.

Nominasjonane vert vurderte av ein jury soppnemnt av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Søknadsfrist

6. september 2024 kl. 13.00

Om tilskotet

Formålet med utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning er å påskjøna framifrå arbeid med utdanningskvalitet i norsk høgare yrkesfagleg utdanning, og å stimulere institusjonane og fagmiljøa til systematisk arbeid med å vidareutvikle kvaliteten. Fagskulen, ved institusjonen sitt styre, kan nominere tiltak ved eigen institusjon. Kvar institusjon kan maksimalt nominere to tiltak. Nominasjonane kan ikkje rangerast. Prisen går i si heilheit til eitt tiltak, og kan ikkje tildelast enkeltpersonar.

Tilskotsbeløp

Prisen er på 1 000 000 kroner.

Vilkår

For å kunne ta imot prisen må tiltaket oppfylle følgande kriterier:
Tiltaket:

  • bidrar til oppdatert og yrkesretta høgare yrkesfagleg utdanning;
  • bidrar vesentleg til utvikling og betring av studentane sitt læringsutbytte;
  • vert gjennomført i eit aktivt samarbeid mellom studentar, tilsette og arbeidsliv;
  • er velorganisert og basert på systematisk innhenta informasjon;
  • har overføringsverdi til annan høgare yrkesfagleg utdanning.


Slik søker du

Nominasjon vert sendt inn gjennom Søknads- og rapporteringsportalen Espresso Logg inn med brukarnamn (e-postadresse) og passord. Du kan registrere ny bruker eller bruke same informasjon som du logga deg inn med tidlegare.

I Espresso finn du ei oversikt over programma som har opne søknadsfristar, med ei lenke til å opprette nominasjon.

Vi tilbyr individuell rettleiing for nominasjon, på oppfordring, fram til nominasjonsfristen. Vi vil svare på spørsmål, men kan ikkje lese gjennom nominasjonsutkast.

Kontakt oss for avtale (sjå kontaktperson lengst nede på sida).

Krav til søknaden

Nominasjonen må vise korleis tiltaket oppfyller kriteria over. Han skal innehalde ei skildring, vurdering og dokumentasjon av tiltaket og oppnådde resultat. Vidare må nominasjonen vise korleis tiltaket kan vidareutviklast og korleis resultata kan nyttast av andre på tvers av fagområde og institusjonar.

Slik behandlar vi søknaden

HK-dir oppnemner ein jury med erfaring frå og kjennskap til fagskuleutdanning nasjonalt og internasjonalt, og med studentrepresentasjon. Juryen skal bestå av minimum fire medlemmer og det vil bli lagt vekt på god kjønnsbalanse.

HK-dir oppnemner ein juryleiar blant jurymedlemmane. Juryleiaren skal vere knytt til ein institusjon utanfor Norge. Ved stemmelikskap har juryleiaren dobbeltstemme.

Juryen skal vurdere alle dei nominerte tiltaka etter kriteria, og kåre éin vinnar. Juryen skal gi ei skriftleg grunngjeving for si avgjerd og ei skriftleg tilbakemelding til kvart av tiltaka. Juryen har anledning til å gi heiderleg omtale utover prisvinnaren, dersom det er god grunn til dette.

Funksjonstida til juryen er eitt år, men medlemmane kan verta oppnemnde for meir enn éin periode.

Habilitetsreglane etter forvaltningslova gjeld for jurymedlemmane sitt arbeid.

Vi er sekretariat for juryen sitt arbeid.

Rapportering og oppfølging

Vinnaren skal ikkje sende inn nokon rapport etter at prisen er delt ut, men er forplikta til å presentere sitt tiltak på ein arena definert av oss.

Kontakt oss

Margareth Haukås

E-post:margareth.haukas@hkdir.no

Kjersti Hopland Kvåle

E-post:Kjersti.kvale@hkdir.no