Hopp til hovudinnhald

Fagskolekonferansen 2025

Velkomen til årets fagskolekonferanse. Konferansen er ein nasjonal møtestad for sektoren! Programmet byr på fagleg påfyll, inspirasjon og erfaringsutveksling.

Tidspunkt: 5. november 2025 kl. 11.00- 6. november 2025 kl. 14.00
Stad: Thon hotell Storo, Vitaminveien 23, 0485 Oslo • Fysisk | • Digitalt

Påmeldinga er open!

Sjå heile programmet for detaljar og parallellsesjonar - men ver rask, plassane går unna!

Heile konferansen blir strøyma, men merk at det berre er éi av parallellsesjonane som blir sendt direkte. Dei andre er kun tilgjengelege for fysisk deltakande.

Påmeldinga finn du nedst på sida.

Utdanningskvalitetsprisen

Eit av høgdepunkta under Fagskolekonferansen er utdeling av Utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning.

Overnatting

Hotellrom reserverast og betalast utanom påmeldinga av den einskilde deltakar.

Deltakarar som ønsker å bestilla overnatting kan nytta denne lenka:

Frist for bestilling av dette tilbodet er innan 5. oktober 2025.

Konferanseavgift

Deltakaravgift for fysiske deltakarar på konferansen er 1 200 kroner. I tillegg kan du melde deg på felles middag på kvelden dag 1. Middagen kostar 600 kroner, og er ei god anledning til å bli betre kjent med dei andre deltakarane i uformelle og hyggjelege rammer.

Digital deltaking er kostnadsfri, og passar for deg som ønskjer å følgje konferansen frå eigen skjerm.

Påmeldingsfrist

2. oktober 2025 kl. 12.00
(CET)