Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Dialogmøte om Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid

Styret i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid inviterer institusjonar som har PhD kandidatar i kunstnarleg utviklingsarbeid til dialogmøte.

Tidspunkt: 2. juni 2026 kl. 13.00- 2. juni 2026 kl. 15.00
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid tilbyr opplæring i teori, metode og etikk for PhD kandidatar i kunstnarleg utviklingsarbeid. 

Undervisninga er organisert i modular, og går føre seg i fysiske og digitale seminar og nasjonale forum.

Forskerskulen har eit eige styre som fastset læringsutbytet og årleg kursplan. Styret har representantar frå dei deltakande institusjonane, samt to representantar frå stipendiatene. Direktoratet for høgaere utdanning og kompetanse ved Program for kunstnarleg utviklingsarbeid administrerer undervisninga.

Agenda

  • Orientering om og drøfting av den planlagte overføringa av administrasjonen av forskarskulen frå HK-dir til Universitetet i Bergen.
  • Evaluering av og erfaringar frå undervisningstilbodet til forskarskulen 2025/2026.
  • Eventuelt.

Kven kan delta?

Representantar frå

  • Kunsthøgskulen i Oslo
  • Noregs musikkhøgskule
  • NTNU
  • Universitetet i Agder
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Innlandet
  • Universitetet i Stavanger
  • UiT – Noregs arktiske universitet

Målgruppa for dialogmøtet er fagleg og administrativt tilsette med mynde i høve forskarskulen, til dømes rektorar, dekanar, instituttleiarar, avdelingsleiarar og leiarar for ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Det vert lagt opp til diskusjon, det vil si at møtet ikkje er retta mot observatørar. Dersom ein primært ønskjer informasjon, viser me til informasjonsmøte for forskingskoordinatorar og andre, som vert arrangert to gongar årleg. Me legg også ut eit kort referat frå møtet på denne sida i ettertid.

Presentasjon og oppsummering

Påmeldingsfrist

Utløpt (CET)

Kontakt oss

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

E-post:pku@hkdir.no