Hopp til hovudinnhald

Sakte framgang i arbeidet med orden i eige hus

Publisert: 24. mars 2025

Arbeidet med «orden i eige hus» i kunnskapssektoren går sakte. Det viser modnadsanalysen for 2024.

Foto: Colourbox

Vi har gjennomført ein analyse av kunnskapssektoren, basert på ei spørjeundersøking gjennomført sommaren 2024.

Undersøkinga, som bygger på svar frå 25 verksemder, viser at fleire har tatt steget frå planlegging til å starte rydding og kartlegging av eigne data. Likevel er den samla framgangen avgrensa sidan sist undersøking i 2021.

– Verksemdene har lagt ned meir arbeid med orden i eige hus, men vi ser at mange manglar ei formell organisering av arbeidet, seier Per Hovde i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Han er fagansvarleg for Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF).

Portrettbilde av mann som ser i kamera

Per Hovde er fagansvarleg for Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF), som er eit prosjekt som skal sørge for betre oversikt over kva data kunnskapssektoren sit på.

Foto: HK-dir

«Orden i eige hus» handlar om å vite kva data verksemda handterer, kva dei betyr og korleis dei kan brukast. Det krev kartlegging, rydding, dokumentasjon og strukturering slik at data blir lett tilgjengelege.

Få har lykkast med arbeidet

Sjølv om 64 prosent av respondentane seier at orden i eige hus er nyttig for verksemda, melder berre fem prosent at dei har lykkast med arbeidet.

– Få av dei verksemdene som reknar orden i eige hus som nyttig, har komme særleg langt med arbeidet, seier Hovde.

Likevel har det vært noko framgang sidan sist undersøking. I 2021 oppgav berre fire prosent at dei hadde arbeidd med orden i eige hus dei siste 12 månadene. I 2024 hadde denne delen stige til 28 prosent.

Nokre få eldsjeler dreg lasset

Over halvparten av verksemdene manglar ei formell organisering av arbeidet med orden i eige hus. I staden er mange avhengige av enkeltpersonar som tek initiativ. Desse initiativa er ofte i liten grad forankra i verksemda.

20 prosent av respondentane seier dei har enkelte tilsette som brukar delar av arbeidstida si til dette arbeidet. Berre 12 prosent seier at dei har faste, tverrfaglege team som jobbar kontinuerleg med orden i eige hus.

– Dei fleste verksemdene har i liten grad sett av ressursar og få har formalisert korleis dei skal arbeide med dette, seier Hovde.

Frå botnnivå til betre oversikt

Modnadspyramiden, som illustrerer utviklingsnivået til verksemdene, viser at fleire har løfta seg frå botnnivå og opp til nivået over. Men det er framleis langt igjen før sektoren når eit høgt modnadsnivå med gode rutinar for forvaltning og deling av data.

– Den største skilnaden mellom 2021 og 2024 er at fleire no har jobba med å etablere oversikt over eigne data, seier Hovde.

En pyramide som illustrer hvor høyt universiteter, høyskoler og etater scorer.

Figur: Modnadspyramiden illustrerer utviklingsnivået til veksemdene

Hovde trur både etatar, høgskular og universitet vil styrke innsatsen med orden i eige hus i framtida.

– Det er komme tydelege føringar om å auke innsatsen med datadeling og orden i eige hus i tildelingsbreva for 2025 til alle verksemder under Kunnskapsdepartementet.

Også direktoratet sjølv har svart på undersøkinga. Som for andre i kunnskapssektoren tek vårt eige arbeid og tid. Samstundes har vi ei positiv utvikling.

– Vi har komme eit stykke på veg i få betre orden i data knytt til høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, slik at dei kan bli delt og få verdi for andre. Vi har og oppretta ei ny avdeling som vil få ansvar knytt til orden i eige hus, seier Jonas Sønnesyn, som er leiar for avdeling for verksemdstyring i HK-dir.

Portrettbilde av mann som ser i kamera

– Vi har komme eit stykke på veg i få betre orden i data knytt til høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, seier Jonas Sønnesyn

Foto: HK-dir

Ein viktig føresetnad for digitalisering

I den nye nasjonale digitaliseringsstrategien blir arbeidet med orden i eige hus framheva som ein viktig føresetnad for at Noreg skal bli leiande på verdiskaping med data, og på datadriven forsking og innovasjon innan 2030.

– Låg modnad i arbeidet med orden i eige hus fører til at kunnskapssektoren går glipp av viktige effektiviseringsgevinstar, seier Hovde.

– Perspektivmeldinga 2024 peikar på at vi må rigge oss no for å møte mangel på arbeidskraft i framtida. Orden i eige hus vil gjere samfunnet i stand til å frigjere ressursar og menneske gjennom effektivisering og innovasjon, som gjer oss i stand til å møte dei aukande behova i samfunnskritiske sektorar som helse, omsorg og utdanning, legg han til.