Hopp til hovudinnhald

Vurdering og digitalisering: Kva er stoda i 2022?

Digital vurdering har samanheng med fleire ulike problemstillingar. I ein samtale med Birgit Rognebakke Krogstie og Thomas Gjesteland kjem vi innom tema som arbeidsrelevans, kalkulatorar, juks og meir.

Sist oppdatert : 4. desember 2023

Dette er ei tekstleg oppsummering av podkastepisoden "Kvalitetstid - Gir digital vurdering betre læringsutbytte for studentane?"

Utviklinga i verda gjer det naudsynt for dei ulike miljøa å kritisk vurdere eigne praksisar og ta i bruk innovasjonar – men kanskje ikkje alle.

Vurdering er ein sentral del av utdanning og digitalisering er ein av vår tids store utviklingstrekk. Korleis disse to heng saman er difor svært viktig for utvikling av høgare utdanning.

Birgit Rognebakke Krogstie leiiar Senter for framifrå utdanning i ikt-utdanning (Excited, NTNU og Nord universitet), medan Thomas Gjestedal leiiar Senter for framifrå utdanning i matematikkundervisning (Matric, Universitetet i Agder).

Dei deler sine tankar om dagens utfordringar og framtidige moglegheiter. Dei viser både til aktuelle spørsmål i ulike fag og til korleis dei arbeider som Sentre for framifrå utdanning for å utvikle vurdering og utnytte digitalisering på ein god måte.

Kva snakkar vi om og kor står me i 2022?

Fyst er det naturleg å undre seg kva digitalisering eigentleg tydar i denne samanhengen. Det har vært mykje snakk om det i forbindelse med Covid-19-pandemien, men også før har digitalisering vore høgaktuelt.

Thomas framhev at digital vurdering ikkje berre tydar at vi skal gjere alt på ein datamaskin. Det handlar også om bruk av hjelpemidlar. I matematikkutdanninga var omlegginga til digital eksamen i pandemien eit sjokk:

– På kort tid måtte vi endre til ein eller annan form for heimeeksamen.

Utdanningsmiljøa ved UiA gjorde ein oppsummering av erfaringa frå pandemien, der dei fleste ikkje var nøgd med tvungen digital vurdering i form av heimeeksamen.

– For dei aller fleste var dette svært vanskeleg. Dei som har hatt suksess har tenkt litt nytt og gjort andre ting. Til dømes finst det eit program der datamaskinar kan vurdere tekster automatisk. Elles finst det også mappevurderingar som er ein annan måte å vurdere på, seier Thomas

Ved Excited har dei lenge arbeida med digitalisering av vurdering, det vart likevel ei betydeleg endring av forholda når alt må skje heime. Digitalisering tydar altså ikkje nødvendigvis heimeeksamen, men bruk av digitale hjelpemiddel ute eller inne. Birgit framheld at vi må skilje mellom digital eksamen og heimeeksamen.

– I pandemien brukte vi berre heimeeksamen sidan campus ikkje var tilgjengeleg. Men dette vart nok eit ekstra skubb også for å ta i bruk andre digitale ferdigheiter.

Heimeeksamen har altså nokre utfordringar i vurderinga av enkelte ferdigheiter. Dette vart ekstra tydeleg i vurderinga av rekneferdigheiter i matematikk.

– Dette skuldast mellom anna tilgjengelegheita av digitale verktøy. No kan ein ta eit bilde på telefonen av ulike problem og heile utrekninga blir gjort automatisk. Då blir heimeeksamen med testing av rekneferdigheiter verdilaust, seier Thomas.

Digital vurdering og arbeidsrelevans

Kva andre formar for digital vurdering finst? Birgit fortel at Excited har jobba med andre formar for vurdering der ein bruker fleire steg enn vanlege slutteksamenar. Det er ikkje berre snakk om oppsummerande vurdering, men der studentane kan gje kvarandre vurdering undervegs. Altså ein annan form for formativ vurdering. Dette er ein form for digitalisering vi også ser ute i arbeidslivet. Thomas legg til at ved desse måtane å bruke digital vurdering på, der studentar vurderer kvarandre, unngår ein del av utfordringane knyta til juks.

Når det gjeld kontakt med arbeidslivet har MatRIC hatt ein del ulike opplevingar:

– Vi har opplevd utfordringar, fleire tidlegare studentar meiner dei ikkje brukar matematikk i arbeidslivet. Vi mistenker at det heng saman med vurderingspraksisar i matematikkundervisninga. Fleire tenkjer på matematikk som å gjere konkrete utrekningar. Men matematikk inneber også kompetansar som å vurdere grafar og kva for ei utrekning som vil være fornuftig i ulike samanhengar. Samstundes er også utrekningsferdigheiter viktige, så her har vi har ikkje eit eintydig svar på kva for ein balanse som er riktig å treffe.

– Ved å tolke er det fint å få inn ulike vurderingsformar. Til dømes for ingeniør- og biologistudentar snakkar ein om at vi skal anvende matematikk innanfor faget og løyse reelle problem, i staden for å løyse matematiske problemstillingar i seg sjølv. Her er det spanande å tenkje på om vi mister noko ved å ikkje bruke like mykje krefter på grunnleggjande matematiske ferdigheiter i vurderingssituasjonar. Men det er kanskje vegen vi må gå for å kunne ha heimeksamen eller andre eksamen enn dei tradisjonelle skuleeksamenane, seier Thomas.

Eit anna verkemiddel for arbeidsrelevans er e-porteføljar i Excited. Her lagar studentane refleksjonar og utvikling frå studiane. Dette kan gjerast ved å stille spørsmål om korleis studentane skal bruke det dei jobbar med i undervisninga i arbeidslivet framover. Birgit fortel at dei på den måten triggar refleksjonar. I ideelle tilfelle kan ein ende med ein presentasjon av seg sjølv som også kan visast til ein arbeidsgjevar der det blir tydeleg kva ein har lært.

– Dette kan også gje eit betre innblikk i studentane sine ferdigheiter enn berre bokstavkarakterar, legg Thomas til.

Vurdering er eit felt i utvikling, der meir kunnskap er naudsynt. Noko forsking viser at oppstykka vurdering i nokre tilfelle passer godt for svake studentar fordi dei får meir oppfølging undervegs, medan anna forsking visar at dersom dei første vurderingane blir negative kan svake studentar bli såpass demotivert at det verkar mot si hensikt.

Les meir om arbeidet med digitalisering i sentra:

Excited:

  • Chirumamilla, Aparna; Sindre, Guttorm. (2021) E-exams in Norwegian higher education: Vendors and managers views on requirements in a digital ecosystem perspective. Computers & Education. vol. 172.
  • Programmeringsoppgaver på digital eksamen: https://www.ntnu.no/excited/programmeringsoppgaver-i-inspera

MatRIC:

  • Radmehr, Farzad; Goodchild, Simon (2022). Switching to Fully Online Teaching and Learning of Mathematics: The Case of Norwegian Mathematics Lecturers and University Students During the Covid‑19 Pandemic. International Journal of Research in Undergraduate Mathematics Education. ISSN: 2198-9745. doi:10.1007/s40753-021-00162-9.