Tilskot til kompetanseutvikling i finansnæringa
• Treparts bransjeprogram for kompetanseutviklingTilskot til finansnæringa er ein del av tilskotet gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Tilskotet i denne utlysinga skal dekke utvikling og løpande gjennomføring av tilbod frå 2024 til juni 2027.
Kven kan søke
Tilskotsmottakarar kan vere:
- akkrediterte universitet
- akkrediterte statlege og private høgskular med offentleg stønad
- offentlege fagskular og private fagskular med offentleg stønad
- fylkeskommunar
- studieforbund som ligg inn under Kunnskapsdepartementets tilskotsordning
- andre private tilbydarar med opplæring som hovudformål
Fleire tilbydarar kan samarbeide om tilbodet, men berre ein kan oppførast som søkar og vere tilskotsmottakar. Tilskotsmottakar skal ha hovudansvar for gjennomføringa og rapporteringa til prosjektet.
Søkar og alle samarbeidspartnarar skal vere registrerte i Brønnøysundregistera.
Utløpt (norsk tid)
Om tilskotet
Om næringa
Finansnæringa er ei breitt samansett næring som spelar ei variert og avgjerande rolle i økonomien. Finansnæringa omfattar ei rekke ulike aktørar som utfører samfunnsvitale funksjonar og inkluderer bankar, forsikringsselskap, kapitalforvaltning, inkassoselskap, innovative finansteknologiselskap og andre finansbedrifter. Næringa fungerer som ei støttespelar for grøn økonomisk vekst og utvikling ved å tilby tenester som lån, sparing, investering, rådgiving, forsikring, pensjon, gjeldsinnkrevjing, rekneskap og risikostyring til enkeltpersonar, bedrifter og myndigheiter.
Finansnæringa står i frontlinja av digitaliseringa og spelar ei nøkkelrolle i det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Næringa kanaliserer kapital, forsikrar verdiar og er ein viktig rådgivar til privatpersonar og bedrifter. Ny teknologi og kompetansen til dei tilsette er dei viktigaste innsatsfaktorane for at finansbedriftene skal møte framtidas krav, sikre grøn omstilling og oppretthalde konkurransekraft. Stadig aukande krav og forventningar frå investorar, kundar og regulatoriske myndigheiter til berekraftig finans, rapportering av finansielle transaksjonar og personvern, gjer det nødvendig å sikre auka kompetanse innan berekraft og informasjonsteknologi for finansforetaka og dei tilsatte
Finansnæringa er representert ved Econa, Finans Norge, Finansforbundet, HK Norge, NHO og Virke. Partane samarbeider med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om å utvikle korte og relevante kompetanseutviklingstilbod for å sikre at tilsette får moglegheit til å utvikle kompetansen sin for å vere relevant i arbeidslivet, og sikrar bedriftene nødvendig kompetanse.
Om tilskotet
Målet for tilskotsordninga er auka deltaking i kompetanseutvikling i dei bransjane som inngår i Bransjeprogrammet. Tilskotsordninga skal føre til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling.
Ein kan søke om tilskot til
Ein kan søke om tilskot til utvikling av nye tilbod eller vidareutvikling av tilbod, slik at det blir retta spesifikt mot kompetansebehovet til bransjen. Søknadene skal inkludere budsjett for utvikling og gjennomføringar av tilboda. Det blir føresett at tilboda blir tilbodne kontinuerleg innanfor prosjektperioden, gitt at det er etterspurnad.
Kompetansebehovet til kvar bransje er definert av representantar frå bransjen sine arbeidslivsorganisasjonar, og er beskrive nærare for dei einskilde bransjane, sjå utlysinga nedanfor.
Tilskotsordninga blir forvalta etter retningslinjene for Bransjeprogrammet (pdf), som er fastsette av Kunnskapsdepartementet.
Ein kan søke om tilskot til utvikling og gjennomføring av tilbod som omfattar eitt eller fleire av tema nedanfor. Tilboda skal vere på fagskole- eller universitets- og høgskolenivå. Nokre tilbod kan vere ikkje-formelle, og dette vil kome fram av informasjonen om temaet.
Beskrivinga under kvart hovudtema er ikkje uttømmande, i tillegg er det mogleg med fleire kombinasjonar av hovudtema innanfor eitt tilbod.
Formelle tilbod må bli delt inn i små, fleksible og enkeltståande modular frå 2,5 til 10 studiepoeng, med moglegheit for å ta enkeltmodular eller heile det samla tilbodet. Maksimalt tal på studiepoeng for tilbodet er 30 studiepoeng. Ikkje-formelle tilbod bør ha eit omfang på mellom 10- 60 timar.
- Berekraftsrapportering i finansnæringa. Kunnskap om dobbel vesentlegheit, korleis ein vesentlegheitsanalyse kan bli gjennomføret i praksis og korleis analysen kan bli integreret i selskapet sin styringsmodell: Kompetanse på nye reguleringskrav slik som berekraftsrapporteringsdirektivet (CSRD), CSDD, ESRS, samt andre direktiv og EUs klassifiseringssystem for berekraftige aktivitetar (taksonomien).Det bør leggjast til rette for erfaringsutveksling mellom deltakarar.
Nivå: Universitet og høgskuletilbod, samt ikkje-formelle tilbod - Berekraftig risikostyring og risiko i finansnæringa. Kunnskap om ESG-risiko, herunder klimarisiko, sosiale krav, mangfoldsleiing, naturrisiko, og vurdering av korleis ESG-risiko påverkar underliggande eksponeringar. Forståing av reguleringskrav knytt til ESG-risikoog korleis dette kan påverke finansforetaka sine forretningsmodellar og praksis. Denne tematikken kan tilpassast ei bransje innanfor næringa - til dømes bank, livsforsikring, skadeforsikring eller marknad.
Nivå: Universitets-, høgskule- og fagskuletilbod, samt ikkje formelle tilbod - Berekraft i kreditt og utlån: Identifisering av mest vesentleg ESG-risiko ved kredittvurdering og lån. Forståing for korleis finansnæringa kan bistå kundar med omstilling og evaluering av omstillingsplanar. Kunnskap om kriteria for grøne økonomiske aktiviteter som definert i EU- taksonomien og korleis prising tar omsyn til berekraftsrisiko. Fokus på berekraftsrisiko ved kredittvurdering og lån til personar og selskap med ulike berekraftsprofilar. Til dømes skreddarsydd differensiert kurs/kompetanse for utlån privat og for bedriftsmarknaden.
Nivå: Universitets, høgskule og fagskuletilbod, samt ikkje-formelle tilbod - Berekraftige løysningar i forsikring og inkasso: Kunnskap om utvikling av produkt som insentiverer meir berekraftige val blant kundar og leverandørar (til dømes klimatilpassinga, sirkularitet, lokale løysingar og sosial rettferd). Etablering av innkjøpsrutinar som tar omsyn til langsiktig berekraftig utvikling, inkludert gjenbruk, resirkulering, lokale løysningar, sirkulærøkonomi m.m. Kunnskap om relevant regulering på dette området. Dette tilbodet bør også ha fokus på hindring og førebygging.
Nivå: Universitets-, høgskule- og fagskuletilbod, samt ikkje-formelle tilbod - Berekraftig produktutforming i finansnæringa: Tilbod som utforskar designmetodikk av berekraftige finansprodukt og korleis prising tar omsyn til berekraftsrisiko og berekraftsfordelar.
Nivå: Universitets-, høgskule- og fagskuletilbod, samt ikkje-formelle tilbod - Berekraftig styring i finansnæringa: Kunnskap om korleis ein kan integrere berekraft i finansforetaket si selskapsstyring. Samhandling mellom ulike fagområde (til dømes risiko, IT, finans og strategi). Utforming av strategi, mål og handlingsplanar. Kommunikasjon og innovasjon, samt foretaksstyring og , innkjøp, mangfaldsleiing.
Nivå: Universitets- og høgskuletilbod - Berekraft i investeringar: Berekraftige investeringar og metodar for å evaluere berekraftsaspekt (ESG) i investeringsbeslutningar. Kompetanse på berekraftige obligasjonar og verdipapir og korleis berekraft påverkar eksponeringa i porteføljen.Kunnskap om rammeverk for grøne- og berekraftslinka investeringar og relevant regulering på dette området.
Nivå: Universitets- og høgskuletilbod - Berekraft og digitalisering. Kunnskap om datakjelder til berekraftsdata og utnytting av desse. Metodar for å effektivisere prosessar knytt til berekraftsdata, til dømes berekraftsrapporering og vurdering av ESG-risiko.
Nivå: Universitets-, høgskule- og fagskuletilbod, samt ikkje-formelle tilbod
Ein kan søke om tilskot til utvikling og gjennomføring av tilbod som omfattar eitt eller fleire av tema nedanfor. Tilboda kan vere på fagskole- eller universitets- og høgskolenivå. Nokre tilbod kan vere ikkje-formelle. Dette vil kome fram av informasjonen om temaet.
Beskrivinga under kvart hovudtema er ikkje uttømmande, i tillegg er det mogleg med fleire kombinasjonar av hovudtema innanfor eitt tilbod.
Formelle tilbod må bli delt inn i små, fleksible og enkeltståande modular frå 2,5 til 10 studiepoeng, med moglegheit for å ta enkeltmodular eller heile det samla tilbodet. Maksimalt tal på studiepoeng for tilbodet er 30 studiepoeng. Ikkje-formelle tilbod bør ha eit omfang på mellom 10-80 timar.
Kursing innan IT for finansnæringa bør bli delt inn i ulike roller/grupperingar av tilsette som har ulike funksjonar.
- IT – arkitektur og informasjonstryggleik for finansnæringa. Infrastruktur i verksemdene, skybaserte tenester i finansnæringa, datastrategi og konsekvensanalyse m.m.
Nivå: Universitets- og høgskuletilbod - Kunstig intelligens i finansnæringa: Etikk, potensielle reguleringar og risikovurderingar, data og informasjonskvalitet avdekking av hvitvasking, Kvanteteknologi med KI m.m. Etablering av KI-strategi(implementering av nye og kontroll av eksisterande system samt plan for gjennomføring).
Nivå: Universitets-, høgskule- og fagskuletilbod, samt ikkje-formelle tilbod - Prosjekt- og porteføljeleiing og IT-leverandøroppfølging i finansnæringa. Utforming og oppfølging av IT-anskaffingar. Konsekvensanalyse av system og lange verdikjeder. Innovasjons- og utvikligsmetodikk. Samarbeid mellom ulike faggrupper i tverrfaglege team.
Nivå: Universitets-, høgskule- og fagskuletilbod, samt ikkje-formelle tilbod - Datatryggleik og skykompetanse i finansnæringa: Sikker lagring og kommunikasjon, personvern, etterleving av regelverk og svindeldeteksjon m.m.
Nivå: Ikkje-formelle tilbod - Blokkjedeteknologi i finansnæringa: Blokkjedeteknologien si rolle i finansnæringa, og grunnleggande forståing for blokkjedeteknologi,. samt moglegheiter for bruk i finansnæringa herunder òg kunnskap om kryptovaluta.
Nivå: Universitets- og høgskuletilbod, samt ikkje-formelle tilbod
Tilskotet dekker
Det er ein føresetnad at offentlege tilskot i sin heilskap går til formålet dei er gitt til.
Tilskotet dekker direkte kostnader knytte til utvikling/vidareutvikling, gjennomføringar av tilbod, og oppfølging av deltakarane.
Døme på slike kostnader kan vere:
- Lønn, inkludert arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjon
- Innkjøp av tenester
- Reiser og møte
- Leige av lokale og utstyr
- Opplæringsmateriell
- Marknadsføring
- Revisjon, viss det er stilt krav om det i tilskotsbrevet
I tillegg blir òg indirekte kostnader knytte til lønn som er avgrensa oppover til eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader dekka.
Tilskotet blir vurdert ut frå budsjett i søknaden, og skal avstemmast mot rekneskap etter gjennomføring.
For tilbydarar som driv blanda verksemd, er det ein føresetnad at tilskotet verken direkte eller indirekte kjem den økonomiske aktiviteten til gode. Det skal oppstillast rekneskapsmessig skille mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet som kan dokumentere at tilskotet i sin heilskap går til det etla formålet og at det ikkje er kryssubsidiering.
Det er ein føresetnad at tilbodet heilt eller i hovudsak er finansiert av staten.
Tilskotet dekker ikkje
Tilskotet skal ikkje nyttast til:
- Forteneste/utbytte
- Innkjøp av varig utstyr, lisensar eller liknande
- Vikarutgifter, lønnsrefusjon eller reiseutgifter for kursdeltakarar
- Indirekte kostnader som overstig eit påslag på 15 prosent av direkte lønnskostnader
Tilbydarar kan ikkje bruke offentleg tilskot til å utvikle eit produkt som seinare blir tilbode i ein marknad.
Tilskotet kan ikkje finansiere aktivitetar som allereie blir støtta av staten, medrekna aktivitetar som er finansiert gjennom rammeoverføringane til fylkeskommunane og fagskuletilbod som er ein del av industrifagskolen (utdanning.no).
Informasjon til fagskular
Fagskular som søker må involvere fylkeskommunen ved utvikling/tilpassing av fagskuletilbod. Dette føreset ein prosess mellom fylkeskommunen og fagskulen i forkant av søknadsfristen. Involveringa skal bli forklart i søknaden.
Tilskotsbeløp
Det lyses ut 15 millionar kroner til utvikling og gjennomføring i 2024, og i tillegg ein sum til vidare gjennomføringar.
Gjennomføringar i 2025 til 2027 er med eit atterhald om vidare løyve av midlar til bransjeprogram i statsbudsjett.
Slik søker du
Krav til søknaden
I søknaden skal søker blant anna gi ei skildring av tilbodet, inkludert planar for det faglege innhaldet og korleis opplæringa er organisert og tilrettelagt for å ivareta behova til deltakarane.
Det skal leggjast ved:
- Ein tidsplan for prosjektet der start og slutt for utviklingsperioden kjem fram, og som inkluderer alle gjennomføringar av tilbodet med tidspunkt for start og slutt for kvar gjennomføring.
- Budsjett for utvikling/vidareutvikling av tilbod og gjennomføringar av dette fram til og med juni 2027.
- Samarbeidsavtalar kan leggjast ved søknaden, eller dei kan bli sendt inn i etterkant.
Budsjettet må sannsynleggjere at prosjektet er mogleg å gjennomføre.
Det skal nyttast følgjande mal for budsjett:
Tilskot til universitet og høgskular i Bransjeprogrammet skal kategoriserast som bidragsaktivitet i tråd med reglementet for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA-reglementet).
Søknader som kjem etter fristen, vil ikkje bli realitetsbehandla. Søknadene blir behandla slik dei føreligg ved utløpet av søknadsfristen.
Krav til samarbeid
Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og minst to verksemder med tilsette som har eit behov for opplæring i tilbodets innhald.
Samarbeidsavtalar mellom to namngitte verksemder og tilbydar kan bli lagt ved søknaden, eller ein kan ettersende innan 15. juni 2024. Bruk rettleiande mal for samarbeidsavtalen:
Dersom det ikkje er oppretta samarbeid med to slike verksemder allereie på søkartidspunktet, må søknaden førebels som eit minimum omtale kontakt og dialog med ei namngitt næringsforeining, klynge eller annan type samanslutning som representerer verksemder med eit opplæringsbehov.
Dialogen med den namngitte næringsforeininga eller klynga viser ei forankring i bransjen på søkartidspunktet. Næringsforeining, klynge eller annan samanslutning blir ikkje godteken som ei av dei to verksemdene som tilbodet skal bli utvikla i samband med, men kan inngå i samarbeidet saman med desse.
I tillegg kan òg andre aktørar vere samarbeidspartnarar. Dette gjeld til dømes andre utdanningsinstitusjonar, eller arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar.
Tilbodet må vere forankra på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i dei samarbeidande verksemdene. Dette skal bli beskrive i søknaden.
Krav til tilbodet
- Tilboda skal vere korte og fleksible og kunne kombinerast med tilnærma full jobb.
- Det er ikkje høve til å ta eigenbetaling frå deltakarane.
- Tilbodet skal utviklast som eit samarbeid mellom utdanningstilbydar og konkrete verksemder.
- Tilbodet skal også vere tilgjengeleg for deltakarar som ikkje er tilsette i dei samarbeidande verksemdene.
- Tilbydar skal ha konkrete planar for marknadsføring og rekruttering, og vise til at påmelding er retta mot målgruppa til bransjeprogrammet.
Det skal vere mogeleg å søke om opptak til tilbod på høgare yrkesfagleg nivå og på universitets- og høgskulenivå på bakgrunn av realkompetanse. Det skal informerast om denne moglegheita i omtalen av studietilbodet.
Vi vil innhente rapportering på tal på personar som har søkt om opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering og tal på personar som har fått opptak på bakgrunn av realkompetansevurdering.
Andre krav og vilkår for gjennomføring vil kome fram av tilsagnsbrev.
Registrer søknad
Søkar skal fylle ut søknadsskjema i tilskotsportalen. Etter at du har logga inn, vel du tilskotsordninga du vil søke på.
Sjå "Opptak frå søkarseminar", nedst i teksten, for fleire opplysningar om korleis du skal du skal søke.
Slik behandlar vi søknaden
Dersom alle krav i utlysingsteksten er oppfylte, blir det gjort vurdering av søknaden ut frå prioriteringskriterium spesifisert under. Her vurderer ein kvaliteten på innhaldet i prosjektet, og ser det opp mot behova til bransjane og målet for bransjeprogrammet.
Prosjekt som i størst grad oppfyller kriteria, blir prioriterte. Kriteria er lista i tilfeldig rekkefølge. Det blir etterstreve ei fordeling av midlane som sikrar breidde, både når det gjeld formåla i dei ulike bransjane, utdanningsnivå og geografi.
Det vil bli prioritert tilbod som:
- i størst grad treffer målgruppa og kompetansebehova i bransjen
- i stor grad er tilrettelagt slik at flest mogleg aktuelle deltakarar kan gjennomføre opplæringa i kombinasjon med arbeid (les om fleksibel opplæring på kompetansenorge.no)
- gir praksisnær opplæring, som tek utgangpunkt i deltakaranes daglege arbeidsoppgåver
- gir opplæring som skal auke produktiviteten og omstillingskapasiteten til verksemda og den einskilde arbeidstakaren
- ikkje allereie finst eller er tilgjengeleg for målgruppa. Dette omfattar også gjeldande kurs innanfor fagområdet som ikkje er tilgjengelege som etter- og vidareutdanning
- er kostnadseffektivt
Når får du svar?
Alle søkarar vil bli informerte om utfallet av søknadsprosessen. Vedtak om tilskot blir sendt ut i april 2024.
Rapportering og oppfølging
Vi vil følge progresjonen til prosjektet. Prosjekt som får tilskot, må utvikle eit detaljert undervisningsopplegg. Nærare informasjon og krav til dette vil kome fram av tilsagnsbrev.
Utdanningstilbydar forpliktar seg til å levere oppdatert og utfyllande informasjon om kompetanseutviklingstilbodet til utdanning.no.
Både utdanningstilbydarar og verksemder som er part i prosjektet er forplikta til å gjennomføre ei eventuell evaluering.
Tidsfristar
Prosjekta må vere avslutta seinast juni 2027 og sluttrapporterast seinast 1. oktober 2027. Meir informasjon om fristar vil stå i tilsagnsbrevet.