Norskspråklege opne tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap
Ordninga Norskspråklege opne tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap skal støtte opp om gratis og fri (utan restriksjonar) tilgang til resultat frå offentleg finansiert forsking. Støtta er treårig.
Desse fekk midlar
Tidsskrifta i inneverande periode har støtte frå 2024-2026. 42 tidsskrift har fått støtte. Dette er ei tydeleg auke samanlikna medførre runde, då 28 tidsskrift fekk støtte. Utvidinga har vore mogleg dels på grunn av ei auke i løyvingane og dels fordi HK-dir, i motsetnad til Sikt (som tidlegare forvalta ordninga), ikkje er pålagd å leggje på meirverdiavgift.
Namn på tidsskrift | Eigar | Utgivar |
---|---|---|
Norsk Arkivforum | Arkivarforeningen | Arkivarforeningen |
Teatervitenskapelige studier | Teatervitenskap, LLE, UiB | BOAP - Bergen Open Access Publishing |
Internasjonal Politikk | NUPI | Cappelen Damm Akademisk |
Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk | Cappelen Damm AS | Cappelen Damm Akademisk/ Nordic Open Access Scholarly Publishing (NOASP) |
Nordisk museologi | Fem institusjoner: Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitetet i Oslo Museologi, Institutionen för kultur ock medier, Umeå Universitet (Sweden) Museologi, Jyväskylä universitet (Finland) Aarhus Universitet, Institut for Æstetiske Fag og Kommunikation (Denmark) University of Iceland, Dept. of Museology, School of Social Sciences (Iceland) | FRITT Open Journal Systems , UIO |
Prismet religionspedagogisk tidsskrift | IKO - Kirkelig pedagogisk senter | IKO-forlaget er utgiver, FRITT – Open Access Journals at UiO publiserer den digitale utgaven |
Babylon Nordisk tidsskrift for Midtøstenstudier | IKOS | IKOS. Selvutgitt, ved hjelp av FRITT-portalen for den digitale utgaven. |
Acta Didactica Norden | Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, Universitetet i Oslo | Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, Universitetet i Oslo |
Viking | Norsk Arkeologisk Selskap | Norsk Arkeologisk Selskap. |
Klassisk Forum | Norsk Klassisk Forbund | Norsk Klassisk Forbund |
Mediehistorisk Tidsskrift | Norsk Mediehistorisk Forening | Norsk Mediehistorisk Forening |
DIN - Tidsskrift for religion og kultur | DIN | Novus Forlag |
Maal og Minne | Bymålslaget | Novus forlag |
Norsk lingvistisk tidsskrift (NLT) | NLT | Novus forlag |
Tidsskrift for kulturforskning (TfK) | Forening for kulturforskning | Novus forlag |
Collegium medievale: Tidsskrift for tverrfaglige middelalderstudier | Collegium Medievale, Society for Medieval Studies | Novus forlag |
Namn og nemne | Norsk namnelag | Novus forlag |
NOA - Norsk som andrespråk | NOA | Novus forlag |
Rhetorica Scandinavia | Retorikförlaget AB | Retorikförlaget AB |
Sámi diealaš áigeála | Senter for samiske studier, UiT Norges arktiske universitet; og Sámi allaskuvlla | Septentrio Academic Publishing |
Tidsskrift for velferdsforskning | NORCE Norwegian Research Centre | Universitesforlaget AS |
Arbeiderhistorie | Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek | Universitetsforlaget AS |
Edda. Nordisk tidsskrift for litteraturforskning | Universitetsforlaget AS | Universitetsforlaget AS |
Heimen | Landslaget for lokalhistorie | Universitetsforlaget AS |
Historisk tidsskrift | Den norske historiske forening (HIFO) | Universitetsforlaget AS |
Kart og plan | Tekna Samfunnsutviklerne | Universitetsforlaget AS |
Kritisk Juss | Rettspolitisk forening | Universitetsforlaget AS |
Kunst og kultur | Universitetsforlaget AS | Universitetsforlaget AS |
Nordand Nordisk tidsskrift for andrespråkforskning | Universitetsforlaget AS | Universitetsforlaget AS |
Norsk antropologisk tidsskrift | Norsk antropologisk forening | Universitetsforlaget AS |
Norsk filosofisk tidsskrift | Universitetsforlaget AS | Universitetsforlaget AS |
Norsk medietidsskrift | Norsk medieforskerlag | Universitetsforlaget AS |
Norsk museumstidsskrift | Norges museumsforbund | Universitetsforlaget AS |
Norsk sosiologisk tidsskrift | Styret for Norsk sosiologisk tidsskrift | Universitetsforlaget AS |
Norsk statsvitenskapelig tidsskrift | Norsk statsvitenskapelig forening | Universitetsforlaget AS |
Studia Musicologica Norvegica | Norsk musikkforskerlag | Universitetsforlaget AS |
Teologisk tidsskrift | Det teologiske fakultet og MF vitenskapelig høyskole | Universitetsforlaget AS |
Tidsskrift for kjønnsforskning | Kilden kjønnsforkning.no | Universitetsforlaget AS |
Tidsskrift for samfunnsforskning (TfS) | Institutt for samfunnsforskning | Universitetsforlaget AS |
UNIPED. Tidsskrift for universitets- og høgskolepedagogikk | Norsk nettverk for universitets- og høyskolepedagogikk | Universitetsforlaget AS |
Barnelitterært forskningstidsskrift | Norsk barnebokinstitutt og Høgskulen på Vestlandet | Universitetsforlaget AS |
Norsk litteraturvitenskapelig tidsskrift | Universitetsforlaget AS | Universitetsforlaget AS |
Kven kan søke
Ordninga vil bli evaluert og vurdert vidareført på nytt frå 2027.
Utløpt (norsk tid)
Om tilskotet
Arbeidet med ordninga skjer i samarbeid med Det nasjonale publiseringsutvalet og deira fagorgan. Ordninga var opphaveleg forankra i Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge, og er sidan vidareført i Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 og i Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.
Tidsskriftet skal i hovudsak publisere på norsk (eller eit anna skandinavisk språk), og redaksjonen skal ha ei tydeleg tilknyting til norsk fagmiljø.
Det er eit krav at tidsskriftet må publisere med open tilgang og vere indeksert i Directory of Open Access Journals (DOAJ). For tidsskrift som ønsker å endre modell frå abonnement til open publisering, må kopi av søknad om å bli inkludert i DOAJ ettersendast. HK-dir må ha fått denne før første utbetaling av tilskot kan finne stad.
Tidsskriftet har ansvar for at innhaldet i publikasjonen fritt kan lesast, søkast i og distribuerast til ikkje-kommersiell bruk i samsvar med retningslinjene for tidsskriftkonsortiet.
Publiseringskomitéen
Ein fagleg publiseringskomité har vore sentral i arbeidet med å velje ut tidsskrifta som skal inngå i ordninga. Utveljinga er blitt gjort på grunnlag av dei innsende søknadene frå utgivarar/tidsskrifteigarar. Publiseringskomitéen tar avgjersler på fagleg grunnlag, etter retningslinjene for tidsskriftkonsortiet samt etter eit eige mandat. Komitéen vil også ha høve til å søke råd hos det nasjonale publiseringsutvalet og dei nasjonale fagorgana under dette utvalet.
I tillegg til dei oppgitte kriteria blir tidsskrifta vurderte ut frå det totale talet på søkarar, samt ei rimeleg fordeling mellom samfunnsvitskap og humaniora og dei ulike fagfelta.
Lurer du på noko?
Ta gjerne kontakt med HK-dir sitt sekretariat for tidsskrifta på e-post humsam-tidsskrift@hkdir.no
For tidlegare informasjon om ordninga, sjå nettsidene for Norskspråkligeåpne tidsskrift innenfor humaniora og samfunnsvitenskap 01.01.2021-31.12.2023