Hopp til hovudinnhald

Nordplus 2025 – utlysing

• Nordplus

Heile 10,1 millionar euro ligg i potten når vi no lyser ut midlar i Nordplus-programmet. Nordplus består av fem delprogram som til saman dekker heile utdanningssektoren.

Kven kan søke

Føremålet med Nordplus er å støtte tiltak som styrker og utviklar det nordiske og baltiske utdanningssamarbeidet. Du kan få støtte til samarbeidsprosjekt, nettverksbygging og mobilitet.

Nordiske og baltiske organisasjonar som vil samarbeide med organisasjonar i andre nordiske/baltiske land om utdanning, kan søke midlar frå Nordplus.

Søknadsfrist

3. februar 2025 kl. 23.59
(norsk tid)

Om tilskotet

Nordplus er eit mobilitets- og nettverksprogram for utdanning i dei nordiske og baltiske landa, inkludert dei autonome regionane Åland, Færøyane og Grønland. Nordplus er det største utdanningsprogrammet til Nordisk ministerråd og blir finansiert av dei nordiske og baltiske landa.

Formål

Nordplus støttar mobilitet, prosjekt og nettverksarbeid i den nordisk-baltiske regionen.

Tilskotsbeløp

Den samla potten for dei fem underprogramma i Nordplus er på 10,1 millionar euro.

Vilkår

Du finn informasjon om vilkåra for å få tilskot i Nordplus-handboka på www.nordplusonline.org.

Slik søker du

Informasjon om korleis du søker finn du på www.nordplusonline.org.

Krav til søknaden

Før du startar på det konkrete arbeidet med søknaden bør du lese handboka for Nordplus-programmet på www.nordplusonline.org. Der finn du informasjon om kva ein god søknad skal innehalde og generell informasjon om programmet, finansiering, rapportering med meir.

Rettleiing og malar

Rettleiing for søknaden finn du i Nordplus-handboka på www.nordplusonline.org.

Registrer søknad

Slik behandlar vi søknaden

Alle gyldige søknadar vil få minst to individuelle vurderingar av Nordplus-administrasjonen.

Meir informasjon om søknadsbehandlinga finn du i Nordplus-handboka på www.nordplusonline.org.

Når får du svar?

Melding om resultatet av søknadsrunden blir sendt ut i starten av mai. Hovudadministrator for det einskilde underprogrammet sender ut meldinga.

Rapportering og oppfølging

Du rapporterer i søknads- og rapporteringssystemet Espresso.

Rapporten skal leverast innan 30 dagar etter prosjektslutt.

Kontakt oss

Nordplus

E-post:nordplus@hkdir.no