Lærebokordninga for høgare utdanning – haust 2024
Vi lyser ut 4 500 000 kroner i tilskot til utgiving av lærebøker på norsk og samisk for bruk i høgare utdanning.
Kven kan søke
Alle registrerte norske forlag som ønsker å gi ut ei lærebok som fyller dei krava og kriterium som gjeld for ordninga kan søke støtte.
Utløpt (norsk tid)
Om tilskotet
Formålet med denne utlysinga er å gi tilskot til produksjon og utgiving av norske og samiske lærebøker som det er fagleg behov for, men som det av ulike årsaker ikkje er tilstrekkeleg kommersielt grunnlag for å gi ut. Ordninga retter seg mot bachelor- og mastergradsnivå.
Delar av tilskotsmidlane er øyremerkte til produksjon av lærebøker på samisk/nynorsk* (*dette er bøker der innhald i hovudsak blir formidla på samisk eller nynorsk), og lærebøker innanfor fagområde der engelsk fagspråk dominerer**. (** matematikk og naturvitskap, teknologi- og ingeniørfag ogøkonomiske- og administrative fag).
Det kan òg søkast om støtte til utgiving av lærebøker som allereie er publiserte, føresett at boka ikkje er registrerte «i sal» i Mentor før 1. april 2024.
Tilskotsbeløp
Inntil 500 000,- kroner i tilskot per lærebok. Søknadsbeløp for kvar enkelt søknad blir berekna ved bruk av HK-dir sitt skjema for utrekning av tilskot.
Endelege tilskot blir fastsette etter skjønn basert på dei opplysningane som kjem fram i søknaden med vedlegg.
Særskilt prioriterte søknader
Av den totale tilskotsramma for denne utlysinga er:
- NOK 1 500 000,- øyremerkte utgivingar på nynorsk og samisk*.
- NOK 1 500 000, - øyremerkte utgivingar av lærebøker innan fagområde med stort domenetap mot engelsk**
Øyremerkte midlar som ikkje blir brukt kan tildelast andre prosjekt.
Kva kan midlane brukast til?
Midlane de søkjer om kan berre brukast til å dekkja kostnader som oppført i HK-dir sitt skjema for utrekning av tilskot:
- Kostnader knytt til nyutgiving eller revisjonar avlærebøker i trykt format.
- Ekstrakostnader knytt til utgiving av digitale parallellutgåver.
- Kostnader til omsetting frå nordiske språk til samisk.
Ver vennleg og merk at kostnader ved omsetting til andre fagområde enn samisk ikkje blir støtta.
Støtte til trykt og digitalt format må søkast samtidig. Det er ikkje krav om utgiving av digital parallellutgåve. Det er ikkje mogleg å søke om tilskot til berre digital utgiving.
Slik søker du
Nedanfor finnar du informasjon om kva minimumskrav som gjeld for denne utlysinga og kva kriterium søknadene vil bli vurdert ut frå.
Søknader må leverast gjennom HK-dir sin søknadsportal Espresso . Sjå rettleiing om korleis oppretta brukar eller logga deg på i Espresso.
I søknadsskjemaet er det hjelpetekstar som gir rettleiing om kva slags informasjon som er etterspurd i dei ulike felta.
Krav til søknaden
Søknaden må oppfylle følgjande minimumskrav:
- Søknaden må vera levert innan søknadsfristen som gjeld for utlysinga.
- Søknaden må vera levert gjennom HK-dir sin søknadsportal (Espresso).
- Søknaden må vera skriven på norsk.
- Søknaden må vera levert av eit registrert norsk forlag.
- Søknaden må ha lagt ved minimum to uavhengige konsulentutsegner i pdf-format, utforma ved bruk av HK-dirsin mal.
- Søknaden må ha lagt ved eit ferdig utfylt skjema for berekning av tilskot, utforma ved bruk av HK-dir sine mal (skjema for nyutgivingog skjema for revisjon). Berekningsskjema må visa at søknaden kvalifiserer for tilskot.
- Søknaden må gjelda utgivingskostnader ved nyutgiving eller revisjon av ei lærebok på norsk (nynorsk eller bokmål) eller samisk. Lærebøker i framandspråk meint for eit norsk publikum kan delvis vera på det aktuelle framandspråket.
- Søknaden må gjelda ei lærebok eigna til fagleg bruk på bachelor- eller mastergradsnivå ved eitt eller fleire kurs ved éin eller fleire høgare utdanningsinstitusjonar (universitet eller høgskular) som er akkreditert av NOKUT.
- Lærebøker som får utgivingsstøtte, må givast ut seinast innan 31.12.2026.
Søknader som ikkje oppfyller desse krav kan bli avviste eller bli vurderte som mangelfulle. For søknader med feil vil HK-dir gi ein kort tilleggsfrist for å retta feilen der det er mogleg.
Ver vennleg og merk at berre påkravde vedlegg vil bli teke med i vurderinga av søknaden.
Slik behandlar vi søknaden
Kvar søknad vil bli individuelt vurderte og gitt ein karakter på ein skala frå 1 (ikkje støtteverdig) til 3 (klart støtteverdig). For å kvalifisera for tilskot, må søknadene få karakter 2 (støtteverdig) eller høgare.
Søknader som kvalifiserer for øyremerkte midlar vil først bli vurdert for støtte i dei øyremerkte pottene dei kvalifiserer for. Rangering av søknader med same karakter blir avgjord ved at det blir gitt eitt tilleggspoeng for:
- Lærebøker som skal brukast på bachelornivå/første 180 studiepoeng av profesjonsutdanning
- Lærebøker som er kjernelitteratur på pensum i eitt eller fleire emne
- Nyutgivingar
Dersom to eller fleire søknader framleis står likt, blir rangeringa avgjord ved loddtrekking. Søknader som ikkje blir tildelte øyremerkte midlar blir overført hovudpotten, saman med eventuelle restmidlar.
I hovudpotten blir tildelt kvalifiserte søknader så langt midlane rekk. Rangering av søknader som står likt blir avgjorde ved at det blir gitt eitt tilleggspoeng for:
- Lærebøker innanfor prioriterte fagområde med domenetap til engelsk**
- Lærebøker på nynorsk/samisk*
- Lærebøker som skal brukast på bachelornivå/første 180 studiepoeng av profesjonsutdanning
- Lærebøker som skal tena som kjernelitteratur i eitt eller fleire emnar
- Nyutgivingar
I tilfelle der to eller fleire søknader framleis står likt, blir rangeringa avgjord ved loddtrekking.
Slik vurderer vi søknaden
Søknader som oppfyller krava som gjelder for utlysinga, vil bli vurdert ut frå følgande kriteria:
Behovet for læreboka
Under dette kriteriet vil det faglege behovet for/den faglege relevansen av læreboka bli vurdert. Moment som vil leggjast vekt på er:
- Den antekne kvaliteten på læreboka, med hensyn til fagleg innhald, relevans og pedagogisk formidling
- Bokas betydning for målgruppa
- Om læreboka vil bli teke i bruk som pensumlitteratur på studieprogram eller emne
- I kva grad det allereie eksisterer relevant og oppdatert pensumlitteratur for dei emne/fag læreboka kan tena som pensumlitteratur
- Om læreboka er underlagd nødvendig redaksjonelt arbeid
Behovet for utgivingsstøtte
Under dette kriteriet vil behovet for økonomisk støtte til produksjons- og utgivingsprosessen bli vurdert. Moment som vil vektleggjast er:
- Marknadssituasjonen for boka
Når får du svar?
Alle søkjarar vil bli informert om utfallet av søknadsprosessen. Vi anslår at vedtak om tilskot vil bli sendt ut i byrjinga av desember2024. Ei grunngiving for karaktersettinga av søknadene vil bli gitt saman med vedtaka.
Kva vilkår gjeld for prosjekt som får tilskot?
HK-dir sine standardvilkår for tilskot under Lærebokordningen for høgare utdanning gjeld for prosjekt som blir innvilga tilskot.
På kolofonsida til læreboka skal det oppgivast at boka er gitt ut med støtte frå Kunnskapsdepartementet.
Forlag som får utgivingsstøtte, er ansvarlege for å avklare alle relevante forhold med forfattarane til læreboka.