Erasmus Charter for Higher Education (ECHE)
• Erasmus+Høgare utdanningsinstitusjonar som ønskjer å delta i aktivitetane i Erasmus+, må ha eit gyldig Erasmus Charter for Higher Education (ECHE).
Kven kan søke
Norske universitet og høgskular.
28. januar 2025 kl. 17.00 (norsk tid)
Om tilskotet
For å kunna delta i Erasmus+-programmet må institusjonen først søkje om Erasmus Charter for Higher Education (ECHE).
ECHE er eit kvalitetsrammeverk for aktivitetane innanfor Erasmus+-programmet. ECHE inneheld ei rekkje prinsipp som universiteta og høgskulane forpliktar seg til å overhalda. Det inneheld òg ei rekkje spesifikke forpliktingar institusjonane har ovanfor deltakarar før, under og etter eit mobilitetsopphald.
ECHE bidreg til å kvalitetssikre dei aktivitetane som institusjonane deltek i. Det blir lagde vekt på at institusjonen klarer å kople deltakinga i Erasmus+ med sin eigen strategi for internasjonalisering.
Slik søker du
De har moglegheit til å søkje om akkreditering i Erasmus+ gjennom Erasmus Charter for Higher Education (ECHE) éin gong i året. Blir søknaden om ECHE innvilga, treng de ikkje søkje fleire gonger i noverande programperiode.
Det er tilrådd at de startar på ECHE-søknaden fleire månader før fristen, sidan søknaden er svært omfattande. Det er òg tilrådd at de sender inn søknaden nokre dagar før fristen, grunna moglege tekniske utfordringar.
Dette er dei gjenverande fristane for søknad om ECHE i noverande programperiode (2021 – 2027):
- 28. januar 2025, kl. 17:00
- 27. januar 2026, kl. 17:00
- 26. januar 2027, kl. 17:00
Fristane for å søkje kan endra seg og me tilrår derfor at de følgjer med på Europakommisjonens nettsider før innsendelse av søknad.
Krav til søknaden
Søknadsskjema og søknadsrettleiing finn de i Funding & tenders-portalen (ec.europa.eu).
Rapportering og oppfølging
Ingen rapporteringskrav.