Enkeltståande mobilitetsprosjekt
• Erasmus+Enkeltståande mobilitetsprosjekt rettar seg mot aktørar som ønsker å sende elevar, lærlingar, deltakarar i vaksne si læring, fagskulestudentar eller tilsette på eit læringsopphald i utlandet. Tiltaket er tilpassa dei som søker om midlar frå Erasmus+ for første gong, men kan òg vere eit godt alternativ om ein berre ønsker å delta ei avgrensa mengd gonger.
Kven kan søke
Søkar må:
- Vere ein offentleg eller privat godkjent barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, fagskule eller organisasjon som tilbyr vaksenopplæring.
- Vere ein offentleg organisasjon som jobbar opp mot barnehage og skule.
- Vere ein organisasjon som jobbar opp mot fag- og yrkesopplæringa eller vaksne si læring.
- Ha tilstrekkeleg med ressursar til å gjennomføre eit Erasmus+-prosjekt.
Spesielt for fagopplæring for vaksne: Prosjekt som skal støtte fagopplæring for vaksne, kan ikkje søke om støtte i sektoren vaksne si læring (ADU), men må søke til fag- og yrkesopplæringa (VET).
Avgrensingar for kven som kan søke:
- Ein og same institusjon kan maksimalt ha tre enkeltståande mobilitetsprosjekt i løpet av ein periode på fem år.
- Ein og same institusjon kan berre søke om eitt enkeltståande prosjekt per utlysing.
- Ein kan ikkje søke dersom institusjonen eller organisasjonen allereie har ei Erasmus+- akkreditering.
19. februar 2025 kl. 12.00 (norsk tid)
Slik søker du
For å få tilgang til søknadsskjema, treng du ein EU login-brukarkonto. Denne kan du sjølv opprette på ein enkel måte.
Institusjonen eller organisasjonen som søker må ha ein eigen organisasjons-ID. Bruk menypunktet «Organisations» i Erasmusportalen til å finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer eller for registrering.
Finn søknadsskjema for KA122 – SCH (skule og barnehage), VET (fag- og yrkesopplæring) eller ADU (vaksne si læring) under menypunktet «Opportunities» i Erasmusportalen.
Krav til søknaden
Innhald i søknaden
- Her må du svare på spørsmål om din institusjon eller organisasjon, dykkar målsettingar og korleis de skal bruke mobilitet for å nå desse måla.
- Søknaden kan skrivast på norsk.
Slik behandlar vi søknaden
Behandling og vurdering av søknad
- Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar først at søknaden oppfyller alle formelle kriterium.
- Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert etter fastsette kriterium i samarbeid med uavhengige ekspertar. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+.
Sjå elles opptak av vårt webinar med informasjon om enkeltståande prosjekt innanfor dei ulike sektorane (YouTube).
Rapportering og oppfølging
Prosjekta må sende inn sluttrapport etter avslutta prosjekt. I tillegg må ein ta vare på og kunne dokumentere at læringsmobilitetane har funne stad.