Arktisk forsking og studiar – utlysing av tilskot til prosjektsamarbeid 2023
• Arktisk forsking og studiarUtlysinga gir tilskot til samarbeid om utvikling av prosjektsøknader innan arktisk forsking og studiar mellom høgare utdanningsinstitusjonar og forskingsorganisasjonar i Noreg og Island.
Kven kan søke
Alle norske og islandske høgare utdanningsinstitusjonar og forskingsorganisasjonar kan søke tilskot. Programmet er ikkje ope for individuelle søkjarar.
Søknader blir behandla fortløpande (kvartalsvis) gjennom 2023.
Utløpt (norsk tid)
Om tilskotet
Tilskot blir gitt til såkornsprosjekt som har som formål å utvikle felles søknader om arktiske problemstillingar til internasjonale program for forsking og høgare utdanning, som Horisont Europa, Erasmus+, EØS-midlane, NordForsk med fleire.
Tilskotet er basert på ein avtale mellom Island og Norge om samarbeid innan arktisk vitskapleg forsking. Det er islandsk og norsk UD som finansierer ordninga. The Icelandic Centre for Research (Rannís) administrerer programmet i samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
All informasjon om utlysinga er tilgjengeleg på: https://en.rannis.is/funding/research/arctic-studies/
Tilskotsbeløp
Kvart prosjekt kan maksimalt få 25 000 euro i tilskot.
Kostnader som vert dekka:
- Arbeidskostnader i prosjektet
- Reisekostnader (inntil 10 000 euro per prosjekt)
Programmet har faste satsar for arbeidskostnader og reisekostnader. Sjå avsnitt 6. i programguiden for detaljert informasjon om satsane.
Vilkår
Utbetaling av tilskot er avhengig av at partnarane dokumenterer innlevering av felles utarbeida søknad til Horisont Europa eller andre relevante internasjonale forskings- og utdanningsprogram.
Både islandske og norske partnarar må ha ein sentral rolle i det førebuande prosjektet og i prosjektsøknaden som det vert arbeida med. I program der det er krav om partnarar frå minst tre land, kan tilskotet frå Arktisk forsking og studiar dekke reisekostnader for deltakarar/ekspertar frå tredjeland. Reisekostnader kan støttast med inntil 12 dagar per deltakar.
Prosjektperioden for tilskotet til prosjektutvikling er på maksimalt 17 månader.
Slik søker du
Du søkjer elektronisk via søknadsportalen til Rannís. Sjå https://en.rannis.is/funding/research/arctic-studies/ for detaljert informasjon om krav til søknad og vedlegg.
Rettleiing og malar
Sjå programguiden for detaljert informasjon om Arktisk forsking og studiar og tilskotet til prosjektutvikling: https://en.rannis.is/media/arctic-studies/Programme-Guide-2023-2026.pdf
Slik behandlar vi søknaden
Følgjande kriteria må vere oppfylt for at søknaden skal bli behandla:
- Søknaden må vere levert elektronisk innan den oppsette fristen.
- Søknaden må vere komplett med alle vedlegg, budsjett og aktivitetsplan, stadfestingsbrev frå søkjarinstitusjon og partnarinstitusjon(ar).
- Søknaden må vere skriven på engelsk.
- Søknaden må inkludere minst to institusjonar, ein på Island og ein i Noreg.
- Søknaden må har ein klar arktisk relevans.
Slik vurderer vi søknaden
Søknader vert vurdert av ekspertar frå Rannís og HK-dir, som utarbeider ei felles innstilling av søknader som skal få tilskot. Rannís gjer endeleg vedtak om tildeling, men einskildvedtak på over 25 000 euro i årleg støtte skal godkjennast av Felles programkomité, som består av representantar frå norsk og islandsk UD.
Søknader kan få full tildeling, delvis tildeling, eller bli avslått.
Når får du svar?
Søknader blir behandla fortløpande (kvartalsvis) i løpet av 2023. Søkjarar kan seinast forvente svar innan 45 dagar etter søknadsfristen.
Rapportering og oppfølging
Alle mottakarar av tilskot må sende inn sluttrapport seinast 30 dagar etter at prosjektperioden er ferdig. Rapporten skal leverast elektronisk via skjema som blir tilgjengeleg på nettsida: www.arcticstudies.is.
For prosjekt som varer i meir enn 12 månader, kan Rannís be om ein interimrapport. Eit standardskjema for interimrapportering blir tilgjengeleg for programmet.