Arktisk forsking og studiar – utlysing av tilskot til prosjektsamarbeid 2024
• Arktisk forsking og studiarUtlysinga gir tilskot til norsk-islandsk samarbeid om utvikling av prosjektsøknader til internasjonale program og ordningar innan arktisk forsking og studiar.
Kven kan søke
Norske og islandske høgare utdanningsinstitusjonar, forskingsorganisasjonar og/eller andre organisasjonar kan søke. Programmet er ikkje ope for individuelle søkjarar.
Utløpt (norsk tid)
Om tilskotet
Tilskot blir gitt til såkornsprosjekt som har som formål å utvikle felles søknader om arktiske problemstillingar til internasjonale program, som Horisont Europa, Erasmus+, EØS-midlane, NordForsk med fleire.
Tilskotet er basert på ein avtale mellom Island og Noreg om samarbeid innan arktisk vitskapleg forsking. Det er utanriksdepartementa i Noreg og Island som finansierer ordninga. The Icelandic Centre for Research (Rannís) administrerer programmet i samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Kontaktperson hos Rannís er Egill Thor Níelsson
Tilskotsbeløp
Kvart prosjekt kan maksimalt få 25 000 euro i tilskot.
Kostnader som vert dekka:
- Arbeidskostnader i prosjektet
- Reisekostnader (inntil 10 000 euro per prosjekt)
Programmet har faste satsar for arbeidskostnader og reisekostnader. Sjå avsnitt 6. i programguiden for detaljert informasjon om satsane.
Vilkår
Det er eit krav at minst ein islandsk organisasjon og ein norsk organisasjon (høgare utdanningsinstitusjon, forskingsorganisasjon, bedrift, lokal styresmakt eller ideell organisasjon) er involvert i søknaden. Både islandske og norske partnarar må ha ein sentral rolle i det førebuande prosjektet og i det planlagde hovudprosjektet. Dersom programmet partnarane skal søke til har krav om partnarar frå minst tre land, kan tilskotet frå Arktisk forsking og studiar dekke reisekostnader for deltakarar/ekspertar frå tredjeland. Reisekostnader kan støttast med inntil 12 dagar per deltakar.
Prosjektperioden kan vere maksimalt 17 månader frå prosjektoppstart.
Sjå elles programguiden for detaljert informasjon.
Slik søker du
Du søkjer elektronisk via søknadsportalen til Rannís. Her finn du detaljert informasjon om krav til søknad og vedlegg.
Krav til søknaden
Følgjande kriteria må vere oppfylt for at søknaden skal bli behandla:
- Søknaden må inkludere minst to organisasjonar, ein på Island og ein i Noreg.
- Søknaden må ha ein klar arktisk relevans.
- Søknaden må vere komplett med alle vedlegg, budsjett og aktivitetsplan, stadfestingsbrev frå søkjarinstitusjon og partnarinstitusjon(ar).
- Søknaden må vere levert elektronisk innan den oppsette fristen.
- Søknaden må vere skriven på engelsk.
Rettleiing og malar
Slik behandlar vi søknaden
Slik vurderer vi søknaden
Søknader vert vurdert av ekspertar frå Rannís og HK-dir, som utarbeider ei felles innstilling av søknader som skal få tilskot. Rannís gjer endeleg vedtak om tildeling.
Søknader kan få full tildeling, delvis tildeling, eller bli avslått.
Når får du svar?
Søkjarar kan forvente svar innan 45 dagar etter søknadsfristen.
Rapportering og oppfølging
Utbetaling av tilskot er avhengig av at partnarane dokumenterer innlevering av felles utarbeida søknad til relevante internasjonale forskings- og utdanningsprogram.
Alle mottakarar av tilskot må sende inn sluttrapport seinast 30 dagar etter at prosjektperioden er ferdig. Rapporten skal leverast elektronisk via skjema som blir tilgjengeleg på nettsida www.arcticstudies.is.
For prosjekt som varer i meir enn 12 månader, kan Rannís be om ein interimrapport. Eit standardskjema for interimrapportering blir tilgjengeleg for programmet.