Hopp til hovudinnhald

Nasjonalt nettverk for realkompetansevurdering

Nasjonalt nettverk for realkompetansevurdering er eit nettverk oppretta i Teams-løysinga til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Sist oppdatert : 21. august 2026

Kva er føremålet med nettverket?

Nasjonalt nettverk for realkompetansevurdering er ein møteplass for fagpersonar som arbeider med vaksne si læring og realkompetansevurdering.

Her kan du:

  • stille spørsmål
  • dele erfaringar
  • diskutere faglege tema

HK-dir driftar nettverket og deltek i dialogen innanfor vårt mandat.

Lunsjmøte

Det blir arrangert jamlege lunsjmøte i nettverket, der medlemmer frå praksisfeltet blir oppmoda til å dele erfaringar og praksis. Møta varer i 30 minutt, frå kl. 11.00 til 11.30.

Lunsjmøta blir annonserte på innleggsveggen i nettverket.

Ønskjer du å bli medlem i nettverket, kan du ta kontakt på rkv@hkdir.no

Kontakt oss

Realkompetansevurdering

For generelle henvendelser

E-post:rkv@hkdir.no