Hopp til hovudinnhald

Metodar og vurdering

Filmane på denne sida viser konkrete døme frå vidaregåande opplæring for vaksne (VOV) og gir innblikk i metodar, roller og vurderingsprosessar i praksis. Gjennom døme frå helsearbeidarfaget og produksjonsteknikkfaget får du sjå korleis fagpersonar arbeider med å kartleggje, dokumentere og vurdere vaksne sin kompetanse.

Sist oppdatert : 21. august 2026

Filmane er produserte på oppdrag frå HK-dir, i samarbeid med fylkeskommunar som deltok i forsøket med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY-prosjektet). Dei er utvikla som ei støtte for fagpersonar som arbeider med realkompetansevurdering, og viser ulike måtar å organisere og gjennomføre vurderinga på.

Dette er modulforsøket – modulstrukturert opplæring for vaksne i vidaregåande opplæring

Filmane blir presenterte både som éin samla film og som tre enkeltståande filmar. Innhaldet er i hovudsak det same, men den samla filmen inneheld ei felles innleiing og avslutning.

Samla film – realkompetansevurdering i praksis

Film frå 2026, varigheit: 36 min

Nordland fylkeskommune: Prosess med realkompetansevurdering i helsearbeidarfaget

I denne filmen deler ein programfaglærar i helsearbeidarfaget erfaringar med organisering og metodar i arbeidet med realkompetansevurdering av vaksne deltakarar. Filmen gir innblikk i korleis kompetanse blir kartlagd, dokumentert og vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen.

Film frå 2026, varigheit: 11 min

Oslo kommune: Vurderingsteam i yrkesprøving i helsearbeidarfaget

I filmen frå Oslo følgjer vi eit tverrfagleg vurderingsteam i arbeidet med å vurdere ein kandidat gjennom yrkesprøving i helsearbeidarfaget. Filmen viser korleis fagpersonar samarbeider om planlegging, observasjon og vurdering av kandidaten sin kompetanse i autentiske arbeidssituasjonar.

Film frå 2026, varigheit: 14 min

Agder fylkeskommune: Prosessrettleiar i yrkesprøving i produksjonsteknikkfaget

I filmen frå Agder følgjer vi ein koordinator for realkompetansevurdering, ein prosessrettleiar og ein fagperson i arbeidet med å vurdere ein kandidat gjennom yrkesprøving i ei produksjonsverksemd. Filmen viser korleis samarbeid mellom opplæringsinstitusjon og arbeidsliv kan bidra til eit godt vurderingsgrunnlag.

Film frå 2026, varigheit: 10 min

Ann sitt første møte med fagkonsulenten – realkompetansevurdering i engelsk

Ann har tidlegare arbeidd i bokhandel i Kenya og brukt engelsk både på skulen og i arbeidslivet. No ønskjer ho å ta høgare utdanning og treng å få engelsk godkjent gjennom realkompetansevurdering.

Filmen følgjer det første møtet hennar med fagkonsulenten og viser kvifor denne samtalen er viktig for å skape tryggleik, avklare forventningar og leggje eit godt grunnlag for vurderinga.

Film frå 2025, varigheit: 3:15

Fagkonsulenten si rolle i realkompetansevurdering i samfunnsfag

Jonas slutta på vidaregåande skule for 12 år sidan og ønskjer no å ta fagbrev som helsefagarbeidar. For å kome vidare treng han godkjend samfunnskunnskap gjennom realkompetansevurdering. Filmen løfter fram fagkonsulenten si rolle i vurderinga.

Film frå 2025, varigheit: 5:33