Hopp til hovedinnhold

Munnlegtesten

E-læring

Dette er ein kort munnleg test som måler kor god du er til å snakke, lytte og kommunisere munnleg.

Utviklet av: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Gode munnlege ferdigheiter er eit vilkår for å kunne vere ein aktiv deltakar i arbeidslivet, samfunnslivet og opplæring. Med munnleg ferdigheit meiner vi å kunne snakke, lytte og kommunisere munnleg på ein fleksibel og trygg måte. Dette inneber å vere i stand til å bruke alle verkemidla i språket på ein passande måte i ulike situasjonar i jobb, samfunnsliv og opplæring. Ansiktsuttrykk og kroppsspråk kjem òg inn under munnleg dugleik. Munnleg dugleik er viktig for å lære, løyse praktiske oppgåver og gje og ta imot informasjon på ein reflektert og kritisk måte.

Munnlegtesten byggjer på Kompetanse Noreg sine læringsmål og handlar om kommunikasjonssituasjonar, ikkje språknivå. Testen kan brukast for dei som har norsk som morsmål eller er på nivå B1 i norsk som andrespråk.

Testen si oppbygging

Munnlegtesten består av 30 oppgåver. Det skal ta om lag 10–15 minutt å ta testen.

Størstedelen av testen består av to typar oppgåver: fleirvalsoppgåver og rangeringsoppgåver. Det kan vere fornuftig å gå gjennom dei ulike oppgåvetypane saman med ein rettleiar dersom digital dugleik er ei utfordring.

I nokre få av oppgåvene finst det lyd- eller filmklipp som du må høyre på for å kunne svare på oppgåva. Vi tilrår at du bruker høyretelefonar eller sit ein stad der du ikkje uroar andre.

Munnlegtesten på mobil

Det er mogleg å ta Munnlegtesten på mobil eller andre einingar, men om du har ein liten skjerm vil det vere eit problem i nokre av oppgåvene.

Om resultatet

Når du har teke testen, kan du skrive ut, lagre eller sende resultatet.

På inngangssida til sjølvtestane finn du informasjon om e-læring, og på resultatsida finn du informasjon om moglegheiter/rettar til opplæring saman med kontaktinformasjon.