Hopp til hovudinnhald

Vidareutvikling av lærebokordninga for høgare utdanning

RapportTilhøyrer rapportserie: Ja

Utgivar:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Redaktør:Jon Gunnar Mølstre Simonsen
ISSN:2703-9102
Forfattarar:Marit Ubbe, Ane Landøy, Alina Oboza, Anja Moberg Olsen, Linda Lien
Publisert:11.11.2024
Rapportnummer:7/2024

Samandrag

Skriving og bruk av norskspråklege lærebøker er viktig for å ivareta og
vidareutvikle eit godt norsk fagspråk. Lærebøkene gir samanhengande tekst der norsk fagspråk er i bruk, og bidreg til å styrkje formidlinga av kunnskap til det norske samfunnet. Det er ei utfordring at bruk av engelsk aukar i høgare utdanning og at det i enkelte fagområde manglar norskspråkleg pensumlitteratur. Manglande norskspråklege lærebøker er både eit symptom på og bidreg til domenetap til engelsk innan høgare utdanning, det vil seie at norsk vert erstatta av engelsk som undervisnings-, formidlings- og kommunikasjonsspråk i nokre fagområde.

Lærebokordninga for høgare utdanning er eit viktig verkemiddel som bidreg til eit auka mangfald av norske lærebøker. Det har dei siste åra vore god søknad til ordninga. Sjølv om fagområde med domenetap (naturvitskaplege og tekniske fag og økonomisk administrative fag) vert prioritert i ordninga, er det få søknader om støtte til utgjeving av lærebøker innan desse fagområda. Det er særleg få lærebøker innan naturvitskaplege og tekniske fag.

For å betre møte utfordringane med domenetap og stimulere til meir skriving og bruk av lærebøker på norsk, tilrår direktoratet følgande tiltak knytt til lærebokordninga for høgare utdanning:

Innretting av ordninga
Lærebokordninga for høgare utdanning vert utvida og innretta med to utlysingar, ei retta mot norske forlag for produksjon og støtte til utgjevingar av lærebøker, og ei pilotordning for utvikling av norskspråklege læremiddel innan fagområde med domenetap. Pilotordninga vert retta mot universitets- og høgskulesektoren (UH sektoren).

Styrking av lærebokordninga for høgare utdanning
Direktoratet foreslår å styrke lærebokordninga slik at ho samla lyser ut 14,6 millionar kroner årleg. Dette vil innebere:

  • auka budsjett til utgjevingar slik at ein kan støtte fleire bokprosjekt
  • midlar til ei pilotordning for utvikling av lærebøker innan fagområde med domenetap
  • midlar til omsetting av internasjonale læreverk til norsk for fagområde med domenetap

Pilotordning
Det vert lyst ut midlar til UH-institusjonar for utvikling av norskspråklege
lærebøker, innan fagområde med stort domenetap til engelsk. Pilotordninga skal fremje samarbeid mellom institusjonar. Til gjennomføring av tiltaket foreslår direktoratet at det vert lyst ut tre millionar kroner årleg. Dette vil finansiere tre til fire prosjekt per år.

Omsetjing
Det vert opna for å tildele støtte til omsetjing av sentrale internasjonale læreverk til norsk, for fagområde med domenetap. Auka kostnader til støtte til omsetting vert rekna til 600 000 kroner per år.

Terminologi
Terminologi som vert utvikla gjennom skriving og omsetjing av lærebøker skal
gjerast tilgjengeleg i Termportalen.