Hopp til hovudinnhald

Vender studentar utestengde for fusk tilbake til studiar?

Ei kartlegging basert på data frå UH-institusjonar

NotatTilhøyrer rapportserie: Ja

Universitet og høgskular behandla over 5000 fuskesaker i perioden 2019-2023. Talet på saker har gått ned etter koronapandemien, og ved utgangen av 2024 var 365 studentar utestengde frå studiar. Tal frå institusjonane indikerer at to av tre studentar vender tilbake til studiar etter å ha vore utestengde for fusk.

Utgivar:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Redaktør:Stig Helge Pedersen
ISSN:2703-9110
Forfattarar:Bård Drange, Merete Helle
Publisert:17.02.2025
Notatnummer:1/2025

Samandrag

Talmateriale frå tolv institusjonar indikerer at to av tre studentar vender tilbake til studiar etter utestenging. Undersøkinga viser også at ingen av institusjonane hadde oversikt over dette før vi spurde, men fann det fram på vår oppmoding.

Dei fleste institusjonane rapporterer om at dei ikkje har særskilt oppfølging eller rettleiing av studentar mistenkte for fusk eller utestengde studentar. Mange skriv at studentane vert kalla inn til samtale ved mistanke om fusk, og alle gjev studentane informasjon om deira rettigheiter, moglegheiter til å vende tilbake til studiar, og kven dei kan kontakte om dei treng rettleiing.

Gitt den relativt høge delen utestengde studentar som vender tilbake til studiar, samt nedgangen i talet på utestengde studentar, verkar det ikkje som at det er behov for nokon særskilt oppfølging eller rettleiing av denne studentgruppa. Det verkar som at studentane får god informasjon frå institusjonen, og at det tilbodet som finst er tilstrekkeleg. Vi har ikkje eit godt nok datagrunnlag til å sei noko konkret med omsyn til gjennomføring av studiar blant dei som vender tilbake. Tala vi har fått inn tyder likevel på at mange studentar som har vore utestengde for fusk vender tilbake og fullfører studiar.