Hopp til hovudinnhald

Studentar på fleksible grunnutdanningar

NotatTilhøyrer rapportserie: Ja

Eit overordna funn er at antalet som byrjar på ei fleksibel grunnutdanning har gått noko opp sidan 2016, medan antalet som har byrja på ei ordinær grunnutdanning er stabilt. Auken i antalet fleksible studentar er i hovudsak konsentrert på nokre få studium, og særleg på økonomisk-administrative fag.

Utgivar:Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Redaktør:Magnus Fodstad Larsen
ISSN:2703-9110
Forfattarar:Åsgeir Kjetland Rabben
Publisert:02.09.2025
Notatnummer:4/2025

Samandrag

Eit overordna funn er at antalet som byrjar på ei fleksibel grunnutdanning har gått noko opp sidan 2016, medan antalet som har byrja på ei ordinær grunnutdanning er stabilt.

Ved dei statlege institusjonane har det samla sett likevel vore ein nedgang på nesten 2 200 studentar på ordinære studium, og auken på fleksible studium kompenserer ikkje fullt ut for dette. Nedgangen i antalet ordinære studentar skjer særleg på campusar utanfor store byar.

Ved private institusjonar har det vore ein auke både på ordinære og fleksible studium, og denne auken kjem i hovudsak ved HK og BI. Av statlege institusjonar er det INN og UiT som tek opp flest fleksible studentar, og i 2024 vart nesten halvparten av dei fleksible studentane tekne opp ved HK, INN eller UiT.

Auken i antalet fleksible studentar er i hovudsak konsentrert på nokre få studium, og særleg på økonomisk-administrative fag. Elles er auken størst på historisk-filosofiske fag og bachelorgradar i pedagogikk og spesialpedagogikk.

Både barnehagelærar- og sjukepleieutdanninga har eit stabilt høgt antal fleksible studentar, og er dei utdanningane med flest fleksible studentar etter økonomisk-administrative fag.

Andelen fleksible studentar i dei yngste aldersgruppene er svært låg, og det er ingen tendens til at fleire av dei yngste studentane byrjar på fleksible studieprogram. Berre 2 prosent av dei 19-årige studentane byrjar på eit fleksibelt studium, mot 47 prosent av dei over 40.

Med utgangspunkt i eit mål om å gjera utdanning meir tilgjengeleg for folk i ulike livssituasjonar og på ulike stader i landet, blir det i Utsynsmeldinga uttrykt eit ønske om å auka antalet fleksible studietilbod. Ein slik auke har dei siste åra funne stad, og særleg på korte kurs og program er det mange som nyttar seg av fleksible studietilbod.

På grunn av måten data om studieprogram blir registrert på, er det likevel slik at det har mangla god statistikk om studentar på fleksible studieprogram. Ikkje minst har ein mangla oversikt over samlingsbaserte utdanningar. Ved å kombinera informasjon om fleksible studieprogram frå to kjelder, DBH og Samordna Opptak (SO), har me i dette notatet inkludert data om samlingsbaserte utdanningar i statistikken. Datamaterialet omfattar grunnutdanningar, det vil seia utdanningar som fører fram til bachelorgrad, integrert mastergrad, profesjonsutdanning eller høgskulekandidatutdanning. Notatet gjer greie for omfanget av grunnutdanningar som er fleksible når det gjeld tid og stad, inkludert kven som nyttar seg av dei og kva for nokre utdanningar dei tek.