Hopp til hovudinnhald

Språkstrategiar i høgare utdanning

RapportTilhøyrer rapportserie: Nei

Diku har foretatt ein gjennomgang av språkstrategiane for norske universitet og høgskolar.

Utgivar:Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku)
Redaktør:Ragnhild Tungesvik
Forfattarar:Ane Landøy, Anders Alvsåker Didriksen, Stig Helge Pedersen
Publisert:16.03.2021

Sammendrag

Norske universitet og høgskular har eit lovpålagt ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk som fagspråk (UH-lova § 1.7). Eit av hjelpemidla er å utarbeide språkstrategiar eller språkpolitiske retningsliner, som er det denne rapporten tek utgangspunkt i. Rapporten kjem som svar på eit oppdrag Diku har fått frå Kunnskapsdepartementet, om å gje ei fagleg vurdering av korleis institusjonane tek vare på ansvaret for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk.

I tillegg til å gå gjennom språkstrategiar bygger rapporten også på data, utgreiingar og arbeid som Språkrådet, UHR, Unit, NSD og NIFU har gjort eller funne fram til og sett saman.

Om lag 95 prosent av institusjonane har eller arbeider med språkstrategiar ved årsskiftet 2020/2021.

Vi har sett på om språk er nemnd i dei overordna strategiane til institusjonane, kva strategiane seier om kven som har ansvar for implementering og oppfølging, og kvar strategiane er plassert på heimesidene. Basert på at språk manglar i dei overordna strategiane er inntrykket at språkstrategiane berre i liten grad er strategisk viktige for institusjonane. Det er forbausande, sidan departementet legg stor vekt på dette i styringssignala. Samstundes viser ei undersøking frå Språkrådet at om lag helvta av dei fagleg tilsette kjenner til at det finns språkstrategiar ved eigen institusjon.

I alt 19 strategiar nemner eksplisitt at norsk er undervisningsspråket, men det vert likevel framheva at det kan vere skilnad på nivåa, der norsk er undervisningsspråket på (dei første delane av) bachelor/lågare grad og at norsk og engelsk kan brukast parallelt på master.

«Parallellspråk» er eit omgrep som går igjen i ein del av språkstrategiane, og tyder at institusjonane skal vere medvitne om når dei brukar norsk og når dei brukar engelsk. Utsegnene om forskingspubliseringsspråk er døme på dette, der det er semje om at det er opp til den einskilde forskaren å bestemme, og at det er full aksept for at engelsk er språket for vitskapleg publisering. Vi ser at det er lite rom for å publisere på norsk i Nivå-2 tidskrift, og at delen engelskspråklege masteroppgåver har auka sidan år 2000.

UH-lova § 1.7 omtalar ikkje berre «vedlikehald», men også «vidareutvikling» av norsk som fagspråk, og fleire av institusjonane nemner dette i språkstrategiane sine, utan at dei konkretiserer dette i særleg grad.

Norskopplæring av internasjonalt tilsette er eit emne som dei fleste språkstrategiane omtalar ganske konkret, med utsegner som internasjonalt tilsette skal innan ei viss tid ha lært norsk tilsvarande eit visst nivå, og institusjonen skal legge til rette for det. Strategiane seier ikkje noko om kva som skjer dersom ikkje norskkravet vert oppfylt.

Vi ser også at talet på internasjonalt tilsette aukar, særleg innan matematisk-naturvitskaplege og tekniske fag. Dette får mellom anna konsekvensar for planlagt undervisningsspråk, der delen engelskspråklege emne aukar, særleg innan dei same fagfelta.

Språk i studielitteratur/pensum er eit komplekst område, og førebels er det liten tilgang til gode data på nasjonalt nivå. Det er lettare for den einskilde institusjonen å skaffe seg eit oversyn over fordelinga her. Unit er i gang med eit utviklingsarbeid for å skaffe til vege eit betre datagrunnlag.

Fleire av institusjonane er opptekne av å utdanne gode kandidatar til arbeidslivet i dei overordna strategiane sine. Dette vert berre i liten grad omtala i språkstrategiane, trass i at fleire utgåver av NHO sitt kompetansebarometer peiker på meistring av norsk språk som det viktigaste for nytilsette.