Hopp til hovudinnhald

Pedagogikk, innovasjon og digital teknologi i utviklingsprosjekt i høgare utdanning

RapportTilhøyrer rapportserie: Nei

Diku gir gjennom ei rekke program og ordningar støtte til utviklingsprosjekt av ulikt slag. I denne rapporten ser vi på pedagogiske innovasjonar, der utdanningsinstitusjonane, undervisarane og studentane utviklar utdanning gjennom bruk av digital teknologi.

Utgivar:Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku)
Redaktør:Ragnhild Tungesvik
Forfattarar:Willy Gjerde, Torstein Nielsen Hole, Ane Landøy, Kjersti Skjervheim
Publisert:01.04.2021

Sammendrag

Unit, Diku og NOKUT fekk i juni 2019 i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å saman få til eit løft i pedagogisk bruk av digitale verktøy i utdanningane. Denne rapporten er ein del av kunnskapsgrunnlaget, og set fokus på kva prosjekt med støtte frå Diku kan seie om kva som er god digitalisering av undervisning.

I rapporten har vi samanstilt og oppsummert kva som fungerer godt og mindre godt og kvifor, når det gjeld bruk av digital teknologi. Her omtaler vi berre prosjekt med Diku-finansiering. Vi gjev eit oversyn over interessante prosjekt, valde ut mellom dei som har fått støtte frå eit av Diku (eller forgjengarane) sine program. For å finne ut kva som fungerer meir og mindre godt har vi tatt utgangspunkt i fleire perspektiv frå forsking og annan litteratur.

Vi har kartlagt Dikus portefølje ved å samle inn opplysningar frå i underkant av 40 utvalde prosjekt dei siste fem åra; prosjekt som er ferdige eller har undervegsrapportert, og har samanstilt aktuelle data og gjort analyser av dei for å avdekke gode døme med tanke på å styrke læring og effektiv bruk av teknologi for betre kvalitet i utdanningane. I dei prosjekta som ikkje har nådd måla sine kan vi lære noko av problema som har oppstått.

Sentrale funn inkluderer:

  • Spreiing er utfordrande for prosjektmiljøa og blir forstått på ulike måtar. Fleirtalet av prosjekta har ikkje ein klar spreiingsstrategi for aktiv endring utanfor prosjekt. Fleire av prosjekta har likevel det ein kan kalla utbreiingspotensiale, dvs. ein overføringsverdi også til miljø utanfor både prosjekt og fag.
  • I prosjekta har digitale verktøy blitt brukt anten for å gjere undervisninga og vurderinga meir aktiv for studentane, eller meir praksisnær. Ofte har begge målsettingar blitt oppnådd. Prosjekt der studentane skal ta ei rolle som undervisarar ser ut til å vere ein god måte å oppnå fleire mål på: studentane blir motiverte fordi dei lærer opp andre om viktig kunnskap, dei får kontakt med problemstillingar i arbeidslivet og dei vert aktiviserte.
  • Vi finn gode døme på at prosjekta tek i bruk tilpassa digital teknologi, både kjende løysingar på ny måte, og i nye samansetjingar, og fleire døme på innovasjonar, til dømes når studieopplegget vert endra frå tradisjonelle førelesingar til studentaktive læringsformer, og også utvikling av nye appar.
  • Bruk av tilpassa digital teknologi er ofte svært ressurs- og kostnadskrevjande og hindringar ser ut til å ligge i systemiske og økonomiske hindringar for overføring av teknologi. Tilpassing og vidareutvikling av digital teknologi til bruk i ein ny læringskontekst krev mykje tid og ressursar knytt til fagleg, pedagogisk og digital kompetanse.