Hopp til hovudinnhald

Oppmøtte studentar til høgare utdanning hausten 2024

Del 1: Overordna tal og tal for sjukepleie- og lærarutdanningane

KortnotatTilhøyrer rapportserie: Ja

Totalt møtte 102 330 studentar opp til ulike gradsstudium og årsstudium hausten 2024. Talet er litt lågare enn i pandemiåret 2020, og om lag likt med slik det var i 2021. I 2024 vart det ved åtte institusjonar opna for lokale opptak utan særskilde karakterkrav til studieplassar som stod ledige på sjukepleiestudiet etter det ordinære opptaket. Det samla talet på møtte studentar på sjukepleiestudiet hausten 2024 var 5493, noko som er det høgaste talet så lenge DBH har tal for dette. 983 av desse vart tekne opp utan karakterkrav.

Utgivar:Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Redaktør:Magnus Fodstad Larsen
Forfattarar:Åsgeir Kjetland Rabben,
Publisert:30.10.2024
Kortnotatnummer:02/2024

Samandrag

Totalt møtte 102 330 studentar opp til ulike gradsstudium og årsstudium hausten 2024. Dette talet inkluderer både dei som er tekne opp gjennom Samordna opptak og dei som er tekne opp gjennom lokale opptak.

Talet på møtte studentar er litt lågare i 2024 enn i pandemiåret 2020, og om lag likt med slik det var i 2021. Utanom dette har talet aldri vore høgare, så langt tilbake me ha data.

I 2024 vart det ved åtte institusjonar opna for lokale opptak utan særskilde karakterkrav til studieplassar som stod ledige på sjukepleiestudiet etter det ordinære opptaket. Det samla talet på møtte studentar på sjukepleiestudiet hausten 2024 var 5493, det høgaste talet så lenge DBH har tal for dette (tilbake til 2008). 983 av desse vart tekne opp utan karakterkrav. Dersom desse ikkje hadde blitt tekne opp, ville talet på møtte studentar haustsemesteret 2024 ha vore det lågaste sidan 2010.

Også på lærarutdanningane vart det hausten 2024 opna for opptak utan karakterkrav på studieplassar som stod ledige etter det ordinære opptaket. Tolv institusjonar fekk dispensasjon til å gjera dette på ulike utdanningar, flest på grunnskulelærarutdanningane.

Tala viser at totalt 716 av dei møtte studentane på lærarutdanningene blei tatt opp utan karakterkrav.