Hopp til hovudinnhald

Opplæring i føretak

NotatTilhøyrer rapportserie: Ja

Vi har sett på kor mye tid og pengar dei ulike næringane brukte på opplæring og kurs blant tilsette under koronapandemien.

Utgivar:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)
Redaktør:Magnus Fodstad Larsen
ISSN:2703-9110
Forfattarar:Åsgeir Kjetland Rabben
Publisert:11.06.2024
Notatnummer: 02/2024

Samandrag

SSB gjennomfører kvart femte år undersøkinga Opplæring i føretak, som kartlegg ulike typar ikkje-formell opplæring (kurs, praktisk opplæring og liknande) som går føre seg i arbeidslivet. Undersøkinga dekkjer først og fremst næringar i privat sektor. Siste runde tek føre seg opplæringsaktivitetar som blei gjennomført i 2020, eit år som var sterkt prega av koronapandemien. Resultata frå dette året seier truleg først og fremst noko om korleis pandemien ramma ulike næringar og føretakstypar på ulike måte.

I 2015 gjennomførte 99 prosent av alle føretak minst éin opplæringsaktivitet. I 2020 var den tilsvarande andelen 93 prosent, og ein kan seia at ikkje-formell opplæring i arbeidslivet var utbreidd også dette året. Det har likevel vore ein nedgang i opplæringsaktivitetar som er større enn desse tala kan gi inntrykk av. Det har for det første vore ein nedgang i kor stor andel av dei tilsette som har delteke på kurs, og det har også vore ein reduksjon i gjennomføringa av dei fleste typar opplæring utanom fjernundervisning/e-læring.

Nedgangen i opplæring mellom 2015 og 2020 har vore særleg stor i visse næringar og i små føretak. Dette gjer at det i 2020 var langt større skilnader mellom føretak i ulike næringar og av ulik storleik. At koronarestriksjonar har ført til mindre opplæringsaktivitet, er noko føretak i alle næringar melder om. I tillegg seier føretak i ulike næringar i varierande grad at særleg høg arbeidsbelastning har gjort det vanskeleg å gjennomføra opplæringsaktivitetar i koronaperioden. Enkelte næringar har økonomisk sett gjort det godt i 2020, medan andre har hatt ein ekstraordinært stor nedgang. Dei næringane som har gjort det dårlegast økonomisk er også dei som har redusert utgiftene til opplæringsformål mest, og er også blant dei næringane som i størst grad har redusert opplæringsaktiviteten i 2020.