Hopp til hovudinnhald

Norskopplæring av internasjonalt rekrutterte tilsette i UH-sektoren

Ei kartlegging

NotatTilhøyrer rapportserie: Ja

Vi har kartlagt systema for norskundervisning og - vurdering ved universiteta og høgskulane.

Utgivar:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Redaktør:Stig Helge Pedersen
ISSN:2703-9110
Forfattarar:Ane Landøy, Linda Beate Berg, Anders Alvsåker Didriksen
Publisert:21.06.2024
Notatnummer:07/2024

Samandrag

Kartlegginga tek utgangspunkt i ei spørjeundersøking til institusjonane i høgare utdanning og den fremste forskinga på området. Ho avdekker at eit stort fleirtal har formulerte krav om norskkompetanse for internasjonale tilsette. Krava vert i stor grad kommuniserte gjennom stillingsutlysingar og i tilsetjingsprosessane.

Ansvaret for at det finns norskopplæringstiltak tilgjengeleg, ligg ved dei fleste institusjonane på sentralt nivå. Ved dei største universiteta og høgskulane kan det også ligge på fakultetsnivå eller tilsvarande. Ansvaret for at nytilsette får tilbod og oppfølging om hen tek imot tilbodet, ligg på næraste leiar og på instituttnivå eller tilsvarande.

Halvparten av dei institusjonane som svarte, har sjølve utvikla eigne opplæringstilbod, medan fleire av universiteta og høgskulane administrerer og legg til rette for nytilsette si deltaking på kurs som dei kjøper frå andre kurstilbydarar, til dømes Folkeuniversitetet. Alle institusjonane betaler for norskopplæringa for sine tilsette.

Kartlegginga er gjort på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.