Hopp til hovudinnhald

Kvalifikasjonskrav for studiestøtte til studium i utlandet

NotatTilhøyrer rapportserie: Nei

Dette notatet vurderer alternativ til generell studiekompetanse (GSK) som kvalifikasjonskrav, med omsyn til behovet for effektivisering og forenkling av statlege tenester, etterleving av internasjonale avtalar, føreseielege reglar for søkarane, risikoreduserande tiltak, politiske prioriteringar for internasjonalt samarbeid i høgare utdanning, og i kva grad studentane får nytta kompetansen sin i Noreg.

Utgivar:HK-dir
Redaktør:Ragnhild Tungesvik
ISSN:2703-9110
Forfattarar:Hilde Granås Kjøstvedt, Guro Sandnes, Vilde Herheim Eriksen, Svenn Wold Gaulen
Publisert:31.03.2026
Notatnummer:2

Samandrag

HK-dir tilrår at ein primært held på dagens ordning med GSK som kvalifikasjonskrav, og sekundært at ein fjernar GSK-kravet heilt og utan å innføre risikoreduserande tiltak. Notatet går gjennom ulike risikoreduserande tiltak og gjer greie for kvifor det ikkje er tilrådd å innføre desse.

Vurderingane og tilrådingane tek omsyn til behovet for effektivisering og forenkling av statlege tenester, etterleving av internasjonale avtalar, føreseielege reglar for søkarane, risikoreduserande tiltak, politiske prioriteringar for internasjonalt samarbeid i høgare utdanning, og i kva grad studentane får nytta kompetansen sin i Noreg.