Hopp til hovudinnhald

Kunstig intelligens i høgare utdanning: kva tenkjer lærestadane nå, etter halvtanna år med ChatGPT?

NotatTilhøyrer rapportserie: Nei

Lanseringa av OpenAIs store språkmodell, ChatGPT, i november 2022 sende sjokkbølgjer gjennom høgare utdanning. Men kva tenkjer norske universitet og høgskular no, etter halvtanna år med ChatGPT?

Utgivar:Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)
Forfattarar:Lene Korseberg, Christina Vogsted Drange
Publisert:09.06.2024
Les arbeidsnotatet hos NIFU

Sammendrag

I dette notatet skildrar vi refleksjonane lærestadane har rundt ChatGPT og liknande teknologiars rolle i høgare utdanning, og kva tiltak dei har gjort i perioden etter lanseringa av ChatGPT i november 2022.

Notatet viser at medan den første fasen etter lanseringa var prega av mykje uvisse og frykt, opplever institusjonane at det no har skjedd eit stemningsskifte blant tilsette og studentar. Samstundes har den raske utviklinga og mangel på kunnskap og kompetanse om kva generativ kunstig intelligens kan og ikkje kan gjera, gjort det krevjande for institusjonane å utarbeide konkrete tiltak. Notatet viser at responsen til institusjonane til denne utviklinga framleis i støypeskeia, trass i ei viss modning når det gjeld synet på og haldningar til ChatGPT og liknande teknologiar.