Hopp til hovudinnhald

Kartlegging av studentsaker ved norske universitet og høgskular

NotatTilhøyrer rapportserie: Ja

Formålet med kartlegginga er å slå fast korleis talet på studentsaker, advokatutgifter og behandlingstid har utvikla seg over tid, nærare bestemt i perioden 2019–2023.

Utgivar:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Redaktør:Stig Helge Pedersen
ISSN:2703-9110
Forfattarar:Bård Drange, Merete Helle
Publisert:06.05.2024

Sammendrag

Bakgrunn

Notatet svarar på oppdrag nr. 8 i tildelingsbrev for 2024 frå Kunnskapsdepartementet (KD) om å kartlegge studentsaker ved norske universitet og høgskular. Bakgrunnen for kartlegginga var ei stor auke i studentsaker ved norske universitet og høgskular i 2021 og 2022. Denne auka førde til stor offentleg interesse og debatt kring studentsaker, inkludert tema som for eksempel studentar si rettstryggleik, advokatutgifter, behandlingstid og reaksjonsnivå.

Hovudfunn

  • Talet på studentsaker auka kraftig i åra 2020–2021, før ein reduksjon i 2022 og 2023 (med atterhald om at talet frå 2023 kan vere noko høgare grunna etterslep i rapportering). Det er fuskesaker som står for både volumet og dei store endringane i talet på studentsaker. Trass reduksjon i talet på saker etter toppen i 2021, er tala på saker framleis høgare i 2023 enn i 2019. Også prosent påklaga saker er høgare i 2023 enn 2019.
  • Utgifter til advokatar femdobla seg frå 2019 til 2021, før dei vart nesten halverte til 2023 (med same atterhald om etterslep i rapportering som for tal på studentsaker).
  • Tal frå 31 av 38 institusjonar viser at talet på studentar som fekk dekka advokatutgifter vart firedobla frå 2019 til 2021. Det er nok hovudsakleg denne auka som forklarer femdoblinga av advokatutgifter. Andelen av studentar som nytta ordninga med gratis advokatbistand auka frå 19,2 prosent i 2019 til 36,6 prosent i 2022. Til 2023 sokk andelen til 27,8 prosent.
  • Tal frå 25 av institusjonane indikerer at advokatutgifter per sak med dekka utgifter ser ut til å ha hatt ei svak auke over tid.
  • Behandlingstid og advokattimar er høgast for skikkavurdering. Fuskesaker har kortare behandlingstid og færre utgifter til advokatar per sak.
  • Både for tal på studentsaker, påklaga saker samt for advokatutgifter syner datamaterialet store forskjellar mellom institusjonane.
    Fleire enn 80 prosent av sakene vart uendra etter klage. Fleire av dei resterande prosentane gjeld endra sanksjon frå to til eit semester pga. lang behandlingstid i FKN i åra 2021–2022.
  • Fleire institusjonar understrekar viktigheita av å ivareta studentar si rettstryggleik gjennom advokatbistand, men set spørsmålsteikn ved den noverande ordninga. Mange institusjonar meiner at bruken av advokatar ikkje bidreg til betre rettstryggleik for studentane. Kritikken frå institusjonane handlar mellom anna om over-fakturering, tidvis dårleg rettsstønad, samt dårleg fundert oppmoding om å klage, som igjen fører til, ifølgje institusjonane, at advokathjelp ikkje aukar sjansane for betre utfall for studentane.
  • Fleirtalet av institusjonar trur bruken av Chat GPT og anna kunstig intelligens gjer at talet på fuskesaker kjem til å auke i åra frametter. Fleire institusjonar rapporterer at det er vanskelegare å bevise bruk av KI til juks enn for eksempel plagiat, samt at fusk med KI fører til auka behandlingstid.

Metode og data

  • Kartlegginga omfattar studentsaker som gjeld fusk, skikkavurdering og politiattest (straffbare forhold), jamfør Universitets- og høgskulelova §§ 4–7 til 4–10. I desse studentsakene risikerer studenten å bli utestengd, og har difor rett til gratis advokatbistand. Vi undersøker saker handsama i institusjonane si nemnd for studentsaker, samt saker påklaga til Felles Klagenemnd (FKN), Tingretten og Lagmannsretten.
  • Notatet er basert på eit spørreskjema HK-dir sende ut 3. januar 2024 til nemndene for studentsaker ved 38 norske universitetet og høgskular. Alle institusjonane svarte på spørreskjemaet.
  • I tillegg til tal på saker, informasjon om advokatutgifter og behandlingstid, bedde vi institusjonane om å gje svar på opne spørsmål. Dette notatet drar difor på både talmateriale og skriftlege innspel frå institusjonane.