Hopp til hovudinnhald

Brukarane av karrieresentera er nøgde, og ulike karrieretenester når ulike grupper

Brukarundersøking og innrapportert statistikk 2021

NotatTilhøyrer rapportserie: Nei

Dette notatet handlar om bruken i 2021 av dei to offentlege karrieretenestene karriereveiledning.no og dei offentlege karrieresentera, som no finst i alle fylka i Noreg.

Utgivar:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Redaktør:Magnus Fodstad Larsen
Forfattarar:Linda Beate Berg, Anita Lervik
Publisert:25.05.2022

Sammendrag

Det var nesten 38 000 individuelle samtalar og 23 400 unike brukarar av karrieresentera i 2021. Begge desse tala er høgare enn i 2019, og talet på unike brukarar er svært likt brukartalet i 2020. Talet på vegsøkjarane ved karrieresentera har altså auka i løpet av koronaperioden.

Karriereveiledning.no hadde nesten 18 000 førespurnader i 2021. Dei fleste vegsøkjarane tok kontakt via chat, men det vart òg gjennomført over 2300 telefonsamtalar.

Fordelinga på kjønn, alder og utdanningsnivå blant vegsøkjarane ved karrieresentera har heldt seg stabil sidan 2019. Medan fordelinga på kjønn og utdanningsnivå er veldig lik blant brukarane av karrieresentera og karriereveiledning.no, er det mange fleire brukarar under 30 år på karriereveiledning.no enn blant dei som oppsøkjer karrieresentera.

Brukarane er svært nøgde med rettleiinga og rettleiarane, og dette har heldt seg stabilt heilt sidan 2017.

Ønska om tema for rettleiinga heldt seg òg stabile blant vegsøkjarane ved karrieresentera. Dei er mest interesserte i informasjon om kva for moglegheiter dei har når det gjeld utdanning. På karriereveiledning.no handla berre 18 prosent av rettleiinga om noko anna enn utdanning.

Blant respondentane på brukarundersøkinga for karrieresentera er det flest som svarar at dei har fått informasjon om karrieresenteret frå Nav og vennar og andre folk dei kjenner.

Bruken av Skype/Teams og telefon har auka sidan 2019, medan fysiske samtalar har minka tilsvarande. Når vi bryt ned på utdanningsnivå, finn vi at det er størst prosentdel blant dei med høgare utdanning og fagskole som har fått rettleiing via Skype og Teams, medan det er størst prosentdel blant dei med vidaregåande skole og grunnskole som høgaste fullførte utdanning som har hatt fysiske samtalar.