Hopp til hovudinnhald

Avtalelengder og tidsbruk i ph.d.-utdanninga

NotatTilhøyrer rapportserie: Nei

Dette notatet tar for seg avtalelengder, tidsbruk, gjennomføring og frafall i doktorgradsutdanninga. Grunnlaget for notatet er data frå Felles studentsystem.

Utgivar:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Redaktør:Magnus Fodstad-Larsen
Forfattarar:Arne Haugen, Bjarne Mundal, Stig H. Pedersen
Publisert:30.08.2022

Sammendrag

Dette notatet bruker data frå Felles studentsystem (FS) for å auke kunnskapen om avtalelengder, gjennomføring og fråfall i doktorgradsutdanninga. Registrerte data i FS viser at treårige avtaler er i klårt fleirtal. Av nye avtaler1 i 2021 var 54 prosent treårige og 37 prosent fireårige. Dette har endra seg lite dei siste ti åra. Som venta er det forskjell mellom kandidatar med ulik finansieringskjelde. For avtaler med hovudfinansiering frå Forskningsrådet eller med anna eksternfinansiering er treårige avtaler i fleirtal med høvesvis 68 og 55 prosent. Når det gjeld finansiering frå Forskningsrådet, ser det ikkje ut til å vere store skilnader mellom institusjonane i kor mange av kandidatane som har eit fjerde år.

Også blant avtaler finansiert over institusjonens eige budsjett, er det fleire treårige enn fireårige avtaler, høvesvis 50 og 46 prosent. Her er skilnadane mellom institusjonane nokså store. Sjølv om nokre institusjonar har klar overvekt av fireårige avtaler i denne kategorien, er det samla bildet for sektoren likevel ikkje i samsvar med formuleringa i forskrifta om fire år som normal åremålsperiode.

I vurderinga av gjennomføring og fråfall legg vi til grunn at grensa for fråfall går ved ti år. Kandidatar med oppstart i 2010 og 2011 og som hadde fullført i løpet av ti år, brukte i gjennomsnitt 4,8 år på doktorgraden. For kandidatar med treårig avtale var gjennomsnitt tidsbruk 4,4 år, medan dei som hadde fireårig avtale, brukte 5,1 år i gjennomsnitt. Vi finner nokre skilnader mellom institusjonane i tidsbruken til kandidatane. Tidsbruken varierer frå 3,9 til 4,6 år for treårige avtaler og frå 4,6 til 5,6 år for fireårige avtaler. Ser vi på fagområde, er tidsbruken kortast innanfor teknologi for begge avtalelengder.

Talet på kandidatar som fullfører innanfor den opphavlege avtalelengda, er lågt og stabilt over tid. Av kandidatar som starta doktorgradsutdanning i perioden 2010-2016 fullførte 15 prosent innanfor avtaletida. Men vi veit at mange har permisjonar og andre fråvær som gjer at avtala vert forlenga. Det finst ikkje i dag gode data som gjer det mogleg å vurdere tidsbruk i eit «nettoperspektiv», det vil seie at ein reknar med utvidingar av doktorgradsavtalen. Slik registrering og rapportering har vore forsøkt, men vart avskaffa frå 2017 på grunn av kompleksitet, arbeidsmengde og kvalitetsutfordringar.

Av kandidatane som starta doktorgradsutdanning i 2010 og 2011, var fråfallet 19 prosent målt etter ti år. Her er skilnadene mellom fagområda store, frå 13 prosent for medisin og helsefag til 29 prosent for humaniora . Til dels store skilnader er det også mellom finansieringskjeldene. På andre fagområde enn medisin og helsefag er fråfallet klart høgare mellom dei med anna ekstern finansieringskjelde enn Forskningsrådet