Hopp til hovudinnhald

Nasjonalt nettverk for realkompetansevurdering

Nasjonalt nettverk for realkompetansevurdering er ein digital møteplass for fagpersonar som arbeider med realkompetansevurdering. Nettverket er oppretta i Microsoft Teams og blir drifta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Sist oppdatert : 14. oktober 2026

Kva er føremålet med nettverket?

Nettverket skal leggje til rette for erfaringsdeling, fagleg dialog og kunnskapsutveksling mellom fagpersonar som arbeider med realkompetansevurdering.

Her kan du:

  • stille spørsmål og diskutere faglege problemstillingar
  • dele erfaringar og døme frå eigen praksis
  • utveksle kunnskap og lære av andre fagpersonar
  • dele relevante faglege ressursar

Vi ønskjer at nettverket skal vere ein aktiv møteplass der medlemmene bidreg med eigne erfaringar, spørsmål og innspel.

HK-dir driftar nettverket og deltek i dialogen innanfor vårt mandat.

Lunsjmøte

HK-dir arrangerer jamlege digitale lunsjmøte der medlemmer frå praksisfeltet deler erfaringar og døme frå arbeidet med realkompetansevurdering.

Møta varer i 30 minutt, frå kl. 11.00 til 11.30.

Lunsjmøta blir annonserte i kanalen «Generelt» med lenke.

Har du forslag til tema eller ønskjer å dele erfaringar frå eigen praksis? Ta gjerne kontakt med oss.

Korleis blir du medlem?

Ønskjer du å bli medlem i nettverket, kan du ta kontakt på rkv@hkdir.no

Slik bruker du nettverket

Er du ny i nettverket, eller treng du hjelp til å bruke Teams? Vi har laga ei rettleiing som viser korleis du får tilgang til nettverket, slår på varslingar, publiserer innlegg og deltek i faglege diskusjonar.

Kontakt oss

Realkompetansevurdering

For generelle henvendelser

E-post:rkv@hkdir.no