Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Kva er realkompetansevurdering

Realkompetanse er all kompetansen ein person har. Det omfattar kompetanse personen har tileigna seg gjennom formell læring, som skulegang og studiar, ikkje-formell læring, som ulike typar kurs, og uformell læring, til dømes gjennom løna eller uløna arbeid, omsorgsarbeid heime eller aktivitetar i fritida.

Sist oppdatert : 10. september 2026

Realkompetansevurdering er prosessen med å vurdere og verdsetje denne kompetansen. Realkompetansevurdering kan skje på ulike nivå i utdanningssystemet, og ulike lovverk regulerer bruken av realkompetansevurdering på dei ulike nivåa.

Realkompetansevurderinga går føre seg i fire fasar:

  1. Rettleiing og avklaring
  2. Kartlegging
  3. Vurdering og verdsetjing
  4. Dokumentasjon

Kvifor realkompetansevurdering?

Realkompetansevurdering kan:

  • gje grunnlag for opptak til utdanning
  • gje grunnlag for vidare opplæring mot kvalifisering. Du treng ikkje lære noko du allereie kan.
  • gje dokumentasjon som kan nyttast i arbeidslivet, til dømes som prov på delkompetanse

Realkompetansevurdering i praksis

Er du nysgjerrig på korleis dette kan gå føre seg i praksis? På utdanning.no får du innblikk i korleis prosessen med realkompetansevurdering kan sjå ut for tre ulike personar.

Illustrasjon som viser inngang til tre ulike brukerreiser. En vet hva hun vil bli, en vet ikke hva han vil bli og den tredje vil ta fagbrev på jobb.

Kven har ansvar for realkompetansevurdering?

Kommunane har ansvar for realkompetansevurdering opp mot læreplanar i førebuande opplæring for vaksne, FOV.

Fylkeskommunane har ansvar for realkompetansevurdering opp mot læreplanar i vidaregåande opplæring for vaksne, VOV.

I høgare yrkesfagleg utdanning, fagskular, og i universitets- og høgskulesektoren har den enkelte studiestaden ansvar for gjennomføring av realkompetansevurdering.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, HK-dir, har ansvar for å utvikle og gjennomføre pedagogiske rettleiingstiltak, kompetanseutvikling, støtteressursar og nettverksarbeid knytt til realkompetansevurdering. HK-dir har òg det faglege ansvaret for læreplanane i FOV.

Utdanningsdirektoratet, Udir, har ansvar for regelverk og regelverksrettleiing knytt til opplæringslova og forskriftene, og har det faglege ansvaret for læreplanane i VOV.

Kontakt oss

Realkompetansevurdering

For generelle henvendelser

E-post:rkv@hkdir.no