Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Realkompetansevurdering i høgare utdanning

Realkompetanse kan gi grunnlag for opptak til studium og for fagleg godkjenning av delar av ei utdanning. Det er den enkelte utdanningsinstitusjonen som vurderer realkompetansen og avgjer om ein søkjar oppfyller vilkåra for opptak, eller kan få godskriving eller fritak. Her finn du informasjon og rettleiing for deg som arbeider med realkompetansevurdering ved eit universitet eller ein høgskule.

Sist oppdatert : 1. oktober 2026

Opptak på grunnlag av realkompetanse

Ved opptak på grunnlag av realkompetanse vurderer universitetet eller høgskulen om søkjaren har dei faglege føresetnadene for å gjennomføre det aktuelle studiet.

Hos Samordna opptak finn du informasjon om kven som kan søkje opptak på grunnlag av realkompetanse, og kva søkjaren må dokumentere. sjå informasjonen frå Samordna opptak.

Fagleg godkjenning av dokumentert realkompetanse

Studentar kan søkje om å få godkjent heile eller delar av emne på grunnlag av dokumentert realkompetanse. Universitetet eller høgskulen vurderer om kompetansen til studenten svarer til læringsutbytet i emna det blir søkt om godkjenning for.

Kompetansen kan vere tileigna gjennom til dømes arbeid, kurs eller andre læringsaktivitetar. Vurderinga tek utgangspunkt i kva studenten kan, og korleis kompetansen er dokumentert.

Rettleiing for tilsette ved universitet og høgskular

Hk-dir ilustrasjon
Foto: Hk-dir

Rettleiaren «Faglig godkjenning av dokumentert realkompetanse i universiteter og høyskoler» er for deg som rettleier studentar, behandlar søknader eller gjennomfører faglege vurderingar.

Rettleiaren beskriv godkjenningsprosessen og gir støtte til å etablere rutinar og avklare samarbeidet mellom administrativt og vitskapleg personale. Du finn mellom anna rettleiing om

  • roller og ansvar for studenten og dei tilsette
  • dokumentasjon av kompetanse og metodar for vurdering
  • behandling av søknader, vedtak og klager.

Rettleiaren inneheld òg sjekklister som institusjonen kan bruke i saksbehandlinga og i arbeidet med å evaluere og forbetre eigen praksis.

Sentrale begreper

Lov og forskrift

Universitets- og høgskulelova

Opptak på grunnlag av realkompetanse

Fagleg godkjenning av dokumentert realkompetanse

Klage

Vedtak om opptak, godskriving eller fritak på grunnlag av realkompetanse kan klagast på etter dei ordinære klagereglane ved utdanningsinstitusjonen. Ta kontakt med den aktuelle institusjonen dersom du har spørsmål om klagebehandling.