Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Senter for framifrå utdanning (SFU)

Utdanningsmiljø med status som Senter for framifrå utdanning kan vise til framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga. Siste tildeling vart gjort i 2022.

Kva er Senter for framifrå utdanning (SFU)

Sentre for framifrå utdanning (SFU) er ein fokusert og langsiktig innsats for å stimulere til utvikling av utdanning og innovative tilnærmingar til læring i høgare utdanning.

Siste tildeling vart gjort i 2022, og det er er ikkje planlagt nye utlysingar.

Sentra for framifrå utdanning skal vere flaggskip som skal bidra til å gje utdanningsverksemd ved universitet og høgskular eit løft nasjonalt. Kunnskapen og ressursane dei har utvikla skal koma andre utdanningsinstitusjonar til gode.

Ordninga med Sentre for framifrå utdanning blei etablert for å:

  • bidra til utvikling av framifrå kvalitet i norsk høgare utdanning
  • synliggjere at undervisning og forsking er likestilte oppgåver for universitet, vitskaplege høgskular og høgskular

Kven står bak

Ordninga blei oppretta i 2010 og vart finansiert av Kunnskapsdepartementet. Ordninga blei avslutta i 2022.

Formål

Det overordna målet for Sentre for framifrå utdanning er å utvikle framifrå kvalitet i høgare utdanning. Ordninga gjev dei fremste utdanningsmiljøa i Noreg ressursar til å vidareutvikle studia sine. Ordninga inneber målretta og langsiktig innsats for å stimulere til utvikling av undervisning og innovative tilnærmingar til læring i høgare utdanning, både på bachelor- og mastergradnivå.

Ein sentral del av ordninga er å framheve framifrå forskingsbasert utdanning, undervisning og vurdering. Framifrå utvikling inneber styrka kunnskap om ulike sider av utdanning lokalt, og i høgare utdanning generelt. Ordninga er laga for å utvikle og premiere arbeidet som skjer i samhandling mellom studentar, undervisarar, støttefunksjonar, arbeidsliv og samfunnet elles. Ordninga skal òg stimulere til nye formar for studentinvolvering og -partnarskap.

Ordninga Senter for framifrå utdanning skal:

  • stimulere universitet og høgskular til å etablere og utvikle fagmiljø som tilbyr framifrå utdanning
  • bidra til kunnskapsbasert analyse og utvikling av undervisning og læring, som understøttar kvalitetsheving og innovasjon, og som vidare kan føre til vesentleg endring i høgare utdanning
  • bidra til å utvikle og spreie kunnskap om framifrå utdanningspraksis i sektoren
  • bidra til sterkare samspel mellom utdanning og relevante samfunns- og yrkesfelt

Eit senter for framifrå utdanning må difor:

  • tilby framifrå FoU-basert utdanning
  • utvikle innovative måtar å arbeide med FoU-basert utdanning
  • inspirere til studentinvolvering og studentar sin eigarskap til læring
  • utvikle og spreie kunnskap og praksis knytt til utforming av undervisning og læringsmiljø som fremjar læring
  • relatere eige arbeid til internasjonal utvikling, både i høgare utdanning og innanfor eige fagfelt

Kontakt oss

SFU

E-post:sfu@hkdir.no