Norsk stipendordning for studentar frå utvalde partnarland – NORSTIP
Program/tilskotsordning • Tal på tilskot: 0NORSTIP rettar seg mot studentar frå samarbeidsland i Afrika, Asia og Latin-Amerika.
Kva er Norsk stipendordning for studentar frå utvalde partnarland – NORSTIP
Hausten 2023 varsla regjeringa at ho ville opprette ei stipendordning for studentar frå land utanfor EØS og Sveits, finansiert over bistandsbudsjettet.
Kven står bak
Utanriksdepartementet (UD) har bestemt rammene for NORSTIP, og HK-dir forvaltar ordninga på oppdrag frå UD.
Formål
Formålet med NORSTIP er å bidra til økonomisk utvikling og velferd i utvalde partnarland. Gjennom studentmobilitet til norske universitet og høgskular skal stipendordninga bidra til å utdanne gode kandidatar til arbeidslivet i studentane sine heimland og til kunnskapsstyrking innan fagområde som partnarlanda har behov for.
Eit sentralt element i stipendordninga er forventninga om at studentane etter fullført utdanning i Noreg vender tilbake til heimlanda sine.
- Angola
- Bangladesh
- Bolivia
- Burkina Faso
- Kamerun
- Colombia
- Cuba
- Den demokratiske republikken Kongo
- Egypt
- Etiopia
- Ghana
- Guatemala
- Haiti
- Indonesia
- Kenya
- Liberia
- Madagaskar
- Malawi
- Mali
- Mosambik
- Myanmar
- Nepal
- Nicaragua
- Niger
- Pakistan
- Palestina
- Peru
- Rwanda
- Somalia
- Sri Lanka
- Sør-Sudan
- Tanzania
- Sudan
- Vietnam
- Uganda
- Zimbabwe
- Zambia
- Øst-Timor
Kven er målgruppa for Norstip?
Målgruppa for NORSTIP-stipenda er tilsette og studentar ved norske universitet og høgskular sine samarbeidsinstitusjonar i utvalde partnarland i Afrika, Asia og Latin-Amerika, i aldersgruppa 20–30 år, utan ein godkjend mastergrad frå før. Stipendmottakarar må vere statsborgarar og busette i eit land som er omfatta av NORSTIP-ordninga.
Stipendmottakarane skal rekrutterast gjennom institusjonelt samarbeid mellom norske universitet/høgskular og mottakaren sin heimeinstitusjon.
Individuelle søknader frå studentar er ikkje mogleg under ordninga.
Støtte til NORPART og NORHED
Stipendordninga skal supplere eksisterande ordningar for akademisk samarbeid med det globale sør, som NORPART og NORHED, og bidra til å styrkje samarbeida, rekruttere til vidare forskingssamarbeid og leggje til rette for meir strategiske partnarskap.
Dei norske institusjonane har ansvar for å definere kva for dei akkrediterte engelskspråklege masterprogramma ved eigen institusjon som er relevante for stipendordninga innanfor følgjande tematiske prioriteringar:
Utdanning
Helse
Klima og naturressursforvaltning
Energi
Politisk og økonomisk styring
Humaniora og samfunnsfag
Kven kan søke tilskot frå programmet
Våren 2024 fekk 18 norske institusjonar tildelt tilskotsmidlar frå HK-dir til opptak av totalt 216 NORSTIP-studentar til studiestart hausten 2024 og 2025. Dei første 56 studentane kom til Noreg hausten 2024, og det er forventa at om lag 160 nye studentar vil få tildelt NORSTIP-stipend for studiestart i Noreg hausten 2025. Når ordninga er i full drift, vil det til ei kvar tid vere om lag 200 NORSTIP-studentar ved norske institusjonar.
Det er planlagt ei ny tildeling av tilskotsmidlar frå NORSTIP for opptaka hausten 2026 og 2027.