Nansen EDU
Program/tilskotsordning • Tal på tilskot: 0Norsk-ukrainsk partnarskapsprogram for god, relevant og attraktiv høgare utdanning i Ukraina.
Kva er Nansen EDU
Nansen EDU finansierer fagleg samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og Ukraina. Programmet skal støtte ukrainske universitet i å oppretthalde og vidareutvikle studietilbod, undervisning og støttetenester for studentar og tilsette.
Kven står bak
Nansen EDU inngår i Noregs innsats for kapasitetsbygging og langsiktig institusjonssamarbeid innan Nansen-programmet. HK-dir forvaltar programmet på oppdrag frå Utanriksdepartementet.
Formål
Programmet er under utforming, og meir informasjon om rammeverket vil bli publisert på denne nettsida i løpet av hausten.
Den første utlysinga i Nansen EDU er planlagt i oktober 2025.
Tentativ ramme for utlysinga er NOK 80 millionar over fire år.
Kven kan søke tilskot frå programmet
Ansvarleg søkjar skal vere ein norsk akkreditert høgare utdanningsinstitusjon. Nærare krav til konsortiet vil bli presisert i utlysinga.