INCP2
Program/tilskotsordning • Tal på tilskot: 1Indo-norsk samarbeidsprogram i høgare utdanning og forsking - INCP2 er eit bilateralt program som gir tilskot til utdanningssamarbeid mellom norske høgare utdanningsinstitusjonar og partnarar i India.
Kva er INCP2
Programmet skal styrke kapasiteten for samarbeid på begge sider og stimulere til deltaking i andre internasjonaliseringsinitiativ, som UTFORSK, INTPART og Erasmus+ i Noreg og Europa, samt indiske og andre internasjonale finansieringsordningar.
Akademisk samarbeid skal etablerast innan område av felles interesse, som:
- Demokrati og regelbasert verdsorden
- Utdanning
- Havet
- Arktisk/polarforsking
- Rein energi
- Klima og miljø
- Byplanlegging og utvikling
- Helse, inkludert global og folkehelse, bioteknologi og medisinske vitskapar
- Informasjonsteknologi og tryggleik
Tverrfagleg samarbeid på tvers av disiplinar vert sterkt oppmuntra.
Prosjekta som får støtte frå INCP2, skal ha eit langsiktig perspektiv og vere knytt til forsking eller strategiar for institusjonelt basert samarbeid. Prosjekta skal også fremje kapasitetsbygging og overføring av beste praksis mellom India og Noreg.
På den engelske programsida vår og i HK-dir sin prosjektkatalog finner du oversikt over INCP2 2024-2027 prosjekta, og prosjekta som var gjennomførte frå 2014-2018.
Kven står bak
INCP2 er forankra i ein avtale (Memorandum of Understanding, MoU) mellom India og Noreg om samarbeid innan høgare utdanning.
Programmet er bilateralt finansiert gjennom samsvarande midlar frå det indiske utdanningsdepartementet (MoE) og det norske utanriksdepartementet (UD). INCP2 blir administrert i samarbeid mellom University Grants Commission India (UGC) i India og HK-dir i Noreg.
Formål
Målet med INCP2 er å etablere partnarskap for internasjonalisering og kvalitetsutvikling innan høgare utdanning, gjennom akademisk samarbeid og mobilitet i nær tilknyting til arbeidsliv, industri og næringsliv i India og Noreg. Programmet skal supplere og vidareutvikle eksisterande forskingssamarbeid mellom dei to landa.
Kven kan søke tilskot frå programmet
Akkrediterte norske høgare utdanningsinstitusjonar eller institusjonar med akkrediterte høgare utdanningsprogram.
På indisk side, offentleg finansierte indiske universitet som er godkjende under paragrafane 2 (f) og 12B i UGC-lova frå 1956, og som er kvalifiserte til å motta utviklingsmidlar, samt institusjonar av nasjonal betyding (INIs), inkludert IIT-ar og IIM-ar.
Ein søknad må involvere minst to høgare utdanningsinstitusjonar, éi basert i Noreg og éi i India. Fleire kan vere med som nettverkspartnarar. Dette kan vere universitet, fagskular, forskingsinstitutt, private eller offentlege bedrifter, sjukehus, skular, frivillige organisasjonar, eller andre organisasjonar i Norge og i partnarlanda.