Hopp til hovudinnhald

Enkeltståande mobilitetsprosjekt

• Erasmus+

Enkeltståande mobilitetsprosjekt rettar seg mot aktørar som ønsker å sende elevar, lærlingar, deltakarar i vaksne si læring, fagskulestudentar eller tilsette på eit læringsopphald i utlandet. Tiltaket er tilpassa dei som søker om midlar frå Erasmus+ for første gong, men kan òg vere eit godt alternativ om ein berre ønsker å delta ei avgrensa mengd gonger.

Kven kan søke

Søkar må:

  • Vere ein offentleg eller privat godkjent barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, fagskule eller organisasjon som tilbyr vaksenopplæring.
  • Vere ein offentleg organisasjon som jobbar opp mot barnehage og skule.
  • Vere ein organisasjon som jobbar opp mot fag- og yrkesopplæringa eller vaksne si læring.
  • Ha tilstrekkeleg med ressursar til å gjennomføre eit Erasmus+-prosjekt.

Spesielt for fagopplæring for vaksne: Prosjekt som skal støtte fagopplæring for vaksne, kan ikkje søke om støtte i sektoren vaksne si læring (ADU), men må søke til fag- og yrkesopplæringa (VET).

Avgrensingar for kven som kan søke:

  • Ein og same institusjon kan maksimalt ha tre enkeltståande mobilitetsprosjekt i løpet av ein periode på fem år.
  • Ein og same institusjon kan berre søke om eitt enkeltståande prosjekt per utlysing.
  • Ein kan ikkje søke dersom institusjonen eller organisasjonen allereie har ei Erasmus+- akkreditering.
Søknadsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Slik søker du

For å få tilgang til søknadsskjema, treng du ein EU login-brukarkonto. Denne kan du sjølv opprette på ein enkel måte.

Institusjonen eller organisasjonen som søker må ha ein eigen organisasjons-ID. Bruk menypunktet «Organisations» i Erasmusportalen til å finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer eller for registrering.

Finn søknadsskjema for KA122 – SCH (skule og barnehage), VET (fag- og yrkesopplæring) eller ADU (vaksne si læring) under menypunktet «Opportunities» i Erasmusportalen.

Krav til søknaden

Innhald i søknaden

  • Her må du svare på spørsmål om din institusjon eller organisasjon, dykkar målsettingar og korleis de skal bruke mobilitet for å nå desse måla.
  • Søknaden kan skrivast på norsk.

Slik behandlar vi søknaden

Behandling og vurdering av søknad

  • Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar først at søknaden oppfyller alle formelle kriterium.
  • Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert etter fastsette kriterium i samarbeid med uavhengige ekspertar. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+.

Rapportering og oppfølging

Prosjekta må sende inn sluttrapport etter avslutta prosjekt. I tillegg må ein ta vare på og kunne dokumentere at læringsmobilitetane har funne stad.

Kontakt oss

Erasmus+

E-post:erasmuspluss@hkdir.no