Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2022

2. 2 Metode og datagrunnlag

2.1 2.1 Datagrunnlag og datakvalitet

Datagrunnlaget i tilstandsrapporten er henta frå fagskulestatistikken i Database for statistikk om høgare utdanning (DBH-F), som er drifta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Tala er innrapporterte frå fagskular og fylkeskommunar til DBH-F, og speglar situasjonen i sektoren i 2021.

Aktive studentar på utdanningstilbod over 30 studiepoeng blir talde 1. oktober, og rapporterte inn til DBH-F 15. oktober. Tidlegare er det berre desse studentane vi har talt med i tilstandsrapporten. Dei siste åra har det blitt opna for at fagskulane kan tilby utdanningar under 30 studiepoeng, noko som har utfordra den tradisjonelle teljemåten. Svært få av studentane på kortare studietilbod er registrert akkurat på det vanlege teljetidspunktet. Det har derfor frå og med 2021 blitt oppretta tre rapporteringar i løpet av eit år for studentar på korte studietilbod under 30 studiepoeng, der fagskulane kan rapportere talet på studentar som er aktive mellom teljetidspunkta. Fleire av desse studentane er meldt opp til fleire korte tilbod både vår, sommar og haust. For å unngå å telje eit individ fleire gongar har vi derfor valt å telje studentane på desse korte tilboda etter unike individ, og frå heile året. Dette skil seg frå studentane på utdanningar over 30 studiepoeng, som vi tel etter oppmeldingar til utdanningstilbod på teljetidspunktet på hausten. Studenttalet (28 241) inkluderer derfor aktive studentar på utdanningstilbod over 30 studiepoeng på teljetidspunktet 1. oktober, og studentar på studietilbod under 30 studiepoeng frå heile året.

I rapporten nytter vi Felles klassifiseringssystem for fagskuleutdanningar (FKF) (sjå avsnitt 2.2) og fagskulegradar i framstillinga av utdanningstilbod. I tillegg til høgare fagskulegrad (120 studiepoeng), fagskulegrad (60–119 studiepoeng) og kortare utdanningstilbod mellom 30 og 59 studiepoeng, er kortare studietilbod under 30 studiepoeng også inkluderte i figurar og tabellar.

Informasjon om geografisk fordeling kan tidvis vere misvisande når det er snakk om nettstudium. Nettbaserte studiar og studentar på nettbaserte utdanningstilbod blir derfor haldne utanfor den geografiske fordelinga og blir heller framstilt som ein eigen kategori.

Tala for fullføring har i alle år vore hefta av noko usikker kvalitet. Fullføringstala må bereknast på grunnlag av rapporteringar frå fagskulane. I periodar med mykje oppkjøp og fusjonar aukar mengda feil i talgrunnlaget som følgje av at studentar vert flytta frå ein tilbodskode til ein anna. I tillegg ser vi ein ny utfordring i år knytt til dei mange ekstraordinære tiltaka som blei sette inn i samband med koronapandemien. Mange utdanningstilbod blei tilbydt som korte modulbaserte utdanningar til permitterte, men studentane blei gjerne registrert på heile utdanningstilbodet, og ikkje berre på den enkelte modulen dei tok. Nokre av desse tilfella er det mogleg å identifisere, men ikkje alle.

I fjorårets tilstandsrapport presenterte vi fullføringstal der vi klarte å ta høgde for ein del av dei kjente problema. Vi ser likevel at vi med årets rapportering får ein endå større og vanskelegare jobb med å korrigere for desse feila. Vi har derfor valt å bruke ei anna tilnærming for å berekne fullføringstala. Endringa gir oss litt høgare fullføringstal for nokre av dei tidlegare åra, fordi vi no finn at ein del av studentane som var registrerte på ulike kodar ved opptak og avslutning av utdanninga. Vi har tatt utganspunkt i NUS-kodane som den einskilde student er registrert på, og så kopla dette tilbake til fagskule og dei ulike variablane knytt til utdanningstilbodet. Denne tilnærminga løyser ein del av utfordringa med endra tilbodskoder.

Ei anna sentral problemstilling knytt til fullføringstal på normert tid, er graden av fleksibilitet i utdanningstilboda. Ei av problemstillingane er bruken av fleksibel oppstart. I praksis betyr dette at mange fagskular operer med opp til fire oppstartstidspunkt i året for fleire utdanningstilbod. Dette utfordrar logikken knytt til å telje studentar ein gong i semesteret, då denne teljemåten er basert på eit system der studiane startar i starten av kvart semester. Konsekvensen av fleksibel oppstart er at studentar startar etter teljetidspunktet, noko som resulterer i at dei blir talde i feil semester i databasen. Då dukkar dei ikkje opp som fullførte på rett tid, med dei berekningane vi må bruke. For å kompensere for dette har vi lagt til eit semester på normert fullføringstid. Dette gjer at vi fangar opp alle studentane som startar på utdanninga si utanfor dei ordinære startpunkta. Det er to ulemper med denne tilnærminga. For det første er det ikkje mogleg å legge til eit semester for siste års studentar. Grunnlaget for å berekne fullføringsgraden er derfor litt anna for det siste årskullet, noko som gir ein noko lågare fullføring enn åra før. Vi har likevel valt å ta med fullføringa helt fram til siste året. Ein anna ulempe er at vi òg vil telje studentar som faktisk brukar eit ekstra semester, som fullført på normert tid. Tala viser likevel at vi får langt færre feil ved å gjere dette, enn om vi ikkje legg til eit ekstra semester.

I år, som i fjor, har vi valt å ekskludere luftfartsfaga samt Noroff og NKI frå fullføringstala. Dette gjer vi på grunnlag av at dei er statistiske utliggarar som fordreiar biletet av sektoren elles. Årsaka til at dei skil seg ut, er likevel litt ulik. For luftfartsfaga er fullføringa på normert tid ganske enkelt svært låg – samla sett på mellom tre og 20 prosent for dei ulike åra. For Noroff og NKI, som til saman har svært høge studenttal, ligg fullføringstala dei siste åra ned mot 30 prosent, uavhengig av kva for måte vi har brukt til å berekne fullføringa. Fullføringstala blir ikkje særleg høgare om vi legg til eit heilt år på fullføringstida. Fagskulane sjølve meiner fullføringa er høgare enn dette, og noko av forklaringa ligg truleg i praksisen knytt til fleksibiliteten dei tilbyr med å flytte mellom heiltid og deltid, og moglegheita til å starte på eitt tilbod og fullføre på eit anna. Dette gjer at studentane blir flytta mellom ulike kodar, og gjer det vanskeleg å følgje dei frem til ein normert fullføring.

Ei endring frå tidlegare rapporter er at vi i år viser eit augneblinksbilete frå teljetidspunktet hausten 2021 når vi tel fagskular og studiestader. Tidlegare år har vi talt både fagskular og studiestadar gjennom heile året. Talet på fagskular og studiestadar endrar seg gjennom året i 2021, mellom anna på grunn av. samanslåingar som kan tre i kraft i løpet av eit kalenderår. Det betyr at det som var to eller fleire fagskular i starten av eit år i løpet av året vert til ein fagskule. Den måten dette har vore gjort på i tidlegare rapportar har derfor gitt eit høgare tal på fagskular og studiestadar enn det som er reelt på noko gitt tidspunkt i det aktuelle året I årets tilstandsrapport nytter me derfor heller eit augneblinksbilete frå teljetidspunktet hausten 2021 i vår presentasjon av tal på fagskular og studiestader.

2.2 2.2 Felles klassifiseringssystem for fagskuleutdanningar

HK-dir arbeidde, saman med NOKUT, NSD, Unit og NIFU fram nye fagkategoriar som er tilpassa fagskulesektoren i 2020: Felles klassifiseringssystem for fagskulesektoren (FKF). 3 FKF forenklar både rapportering og analysering av utdanningstilbodet i fagskulesektoren, og er kompatibelt med Norsk Standard for utdanningsgruppering (NUS2000).

Tabell 2.1 viser ein oversikt over dei ulike utdanningskategoriane (nivå 1) og -typane. Desse utdanningskategoriane er brukt i heile rapporten, også for historiske data.

2.3 2.3 Digitale vedlegg

Vedlegg er tilgjengeleg på nettstaden vedlegg.hkdir.no.

I vedlegg finn ein tabelldata for alle figurane i rapporten. I tillegg er det fleire vedleggstabellar med mellom anna tidsseriar og fleire variablar. Nokre tabellar har variasjonar, ein kan då velje ønska vising i menyen øvst i tabellen. Nettstaden med vedlegg inneheld òg tabellar som ikkje er omtala i sjølve rapporten, og kan nyttast uavhengig av rapporten.

Alle referansar til vedleggstabellar i rapporten er lenka direkte til den aktuelle tabellen i den digitale løysinga. Dette fungerer best om rapporten blir lasta ned og lest i ein eigen dokumentlesar (til dømes Adobe). Om du nyttar nettlesar blir tabellane opna i det same vindauget og vil såleis ta deg bort frå rapporten. Det er òg mogleg å gå direkte til tabellane i ein nettlesar ved å skrive tabellnummer på slutten av nettadressa, til dømes /tabell/V3.1 for å komme direkte til vedleggstabell nummer V3.1. 4 Alle tabellar kan lesast i nettlesar eller lastast ned som Excel-fil.