Hopp til hovudinnhald

EØS-midlane

Program/tilskotsordningTal på tilskot: 0

EØS-midlane skal bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, samt styrke samarbeidet mellom Norge og 15 land i Europa innan ei rekke samfunnsområde, mellom anna utdanning. Avtale om ny programperiode er no godkjent.

Kva er EØS-midlane

EØS-midlane 2021-2028

Det er semje mellom EU og dei tre EØS/EFTA-landa, Noreg, Island, Liechtenstein om ein ny programperiode av EØS-midlane. Den totale ramma er på 3.2 milliardar og skal sikre utvikling i og styrke samarbeid med dei minst velståande medlemslanda i EUer på ei rekke områder, deriblant utdanning.

Neste steg er bilaterale forhandlingar med kvart enkelt av landa ordninga omfattar om satsingar og prioriteringar for bruk av midlane. Det er difor for tidleg å sei kva land, og kor mange, som vil ha utdanningsprogram i kommande periode.

EØS-midlane 2014-2021

I denne perioden er det ni, av totalt 15 seuropeiske amarbeidsland i Europa utdanning som ei av sine prioriteringar for EØS-midlane - dette omfattar Estland, Kroatia, Latvia, Polen, Portugal, Romania, Slovenia, Slovakia og Tsjekkia.

Bildet viser alle prosjektsamarbeid mellom Norge og de europeiske samarbeidslandene finansiert av EØS-midlene 2014-2021(24)

Illustrasjonen over viser alle utdanningsprosjekt mellom Norge og dei europeiske samarbeidslanda finansiert av EØS-midlene 2014-2021(24).

Denne programperioden er avslutta 30.04.2024. Sjå nederst for informasjon om norsk deltaking og programresultat under kvart enkelt land.

Meir om EØS-midlane

På utdanningsområdet inngår norske utdanningsinstitusjonar i over 600 prosjektsamarbeid med partnarar frå Estland, Kroatia, Latvia, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia og Tsjekkia.

EØS-midlane er ein del av EØS-avtalen og er eit økonomisk bidragsomNoreg, Island, og Liechtensteinbetalar til EU. Dette bidraget skal finansiere tiltak som kan utlikne sosiale og økonomiske forskjellar i Europa, og i tillegg styrke samarbeidet mellom dei tre EØS-landa og eit utval land i EU.

I forkant av kvar programperiode vert det forhandla med EUomstorleiken på bidraget og kva samfunnsområde som skal motta støtte. For inneverande periode som går frå 2014-2021 (prosjektimplementering fram til 30. april 2024) er dette totalt 2.8 milliardar euro. Bidraget består av to ordningar, den eine finansiert av Noreg åleine (Norway Grants) og den andre finansiert av Noreg, Island og Liechtenstein i fellesskap (EEA Grants). Fordelinga er berekna ut frå dei tre landa sin BNP, og Noreg står for ca. 97 % av midlane.

Midlane vert brukt til å finansiere prosjekt innanfor sektorar som innovasjon, forsking og utdanning, sosial inkludering, kamp mot fattigdom og sysselsetjing av ungdom, miljø, energi, klima og lav-karbonsamfunnet, kultur, sivilt samfunn, godt styresett og grunnleggande rettigheiter, samt justis- og innanrikssaker i 15 land i Europa. Dette omfattar Bulgaria, Estland, Hellas, Kypros, Kroatia, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn.

Kven står bak

I Noreg er det Utanriksdepartementet (UD) som løyver midlane og er «programeigar» for EØS-midlane. Eit felles sekretariat, Financial Mechanism Office (FMO), lokalisert i Brussel, er underlagt UD og har ansvaret for teknisk gjennomføring og drift av ordninga. 

Ein programoperatør innanfor kvar sektor i kvart av dei europeiske samarbeidslanda har ansvaret for å forvalte midlane, program og utlysingar, og tildele midlane. For utdanningsprogramma er dette ofte nasjonalkontoret for Erasmus+.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har rolla som programpartnar i alle program som omfattar utdanningssamarbeid. Vi gir råd og samarbeidar med programoperatørane om utvikling av program og utlysingar. Vi er i tillegg nasjonalt kontaktpunkt for norsk utdanningssektor, og har eit ansvar for å synleggjere moglegheitene som fins i EØS-midlane overfor norsk utdanningssektor.

Formål

EØS-midlane har som mål å utjamne sosiale og økonomiske forskjellar i Europa, og skal i tillegg styrke samarbeidet mellom dei tre EØS-landa og eit utval land i EU på ulike samfunnsområde.

Innan utdanning så har landa som er omfatta av ordninga ulik fokus og innretning for sine program, men dei skal alle bidra til å styrke det enkelte land sin befolkning sine kunnskapar og ferdigheiter. Dette skal først og fremst skje gjennom samarbeid mellom norske utdanningsinstitusjonar og tilsvarande partnarar i dei europeiske landa.

Kven kan søke tilskot frå programmet

Det er ingen fleire opne utlysingar i inneverande periode.

Forhandlingar om ny programperiode pågår, men det er enno uklart når nye utlysingar kan komme og eventuell innretning på desse.

Programresultat i EØS-midlane 2014-2021(24)

EØS-midlane

E-post:eeanorwaygrants@hkdir.no