Hopp til hovedinnhold

Læreplan i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

2. Kjerneelement

2.1 Demokratiforståing og deltaking

Deltakarane skal få kjennskap til korleis nokre sentrale geografiske, sosiale og historiske forhold har bidratt til å forme det moderne norske samfunnet. Dei skal få innsikt i styresett, offentlege institusjonar og samarbeid mellom ulike partar i arbeids- og samfunnslivet. Sentralt her er omgrepet tillit og kvifor og på kva måtar dette er eit viktig trekk ved det norske samfunnet. Deltakarane skal kjenne til kva for moglegheiter som finst til medverknad, og korleis dei sjølve kan vere aktive medborgarar, basert på respekt for og legitimiteten til demokratiske avgjerder.

2.2 Individ og fellesskap

Faget skal bidra til forståing for samanhengane mellom individ, familie og storsamfunn i det norske samfunnet. Det skal ta opp sentrale tema knytte til berekraft, velferdsstat, arbeidsliv, utdanning, frivillig sektor og andre relevante fellesskapar. Deltakarane skal kjenne til korleis ein samhandlar på nokre ulike arenaer i det norske samfunnet, og kva forventningar og moglegheiter som ligg i det. Faget skal bidra til å styrke moglegheiter for deltakarane i yrkesliv og ulike former for opplæring og utdanning, slik at dei kan oppnå varig tilknyting til arbeidslivet.

2.3 Perspektivmangfald og kritisk tenking

Kritisk tenking og etisk bevisstheit er både ein føresetnad for og ein del av det å lære i mange ulike samanhengar. Deltakarane skal kunne samanlikne forhold ved det norske samfunnet med andre samfunn dei kjenner, og slik sjå samanhengar i samfunnet frå ulike perspektiv. Vidare skal dei få kjennskap til korleis dei kan vurdere ulike kjelder med tanke på formål, og kor pålitelege og relevante dei er. Deltakarane skal kunne bruke ulike kjelder for å finne og bruke informasjon dei har behov for.